Hopp til innhald

Mina Holtmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mina Holtmann


StatsborgarskapNoreg
Fødd17. juli 1995 (30 år)
Oslo
Idrettalpint
Tok del i Alpint under Vinter-OL for ungdom 2012 – Super-G jenter, Alpint under Vinter-OL for ungdom 2012 – Parallellslalåm mikslag, VM i alpine greiner 2019, Alpint under Vinter-OL 2022 – Lagkonkurranse, Alpint under Vinter-OL 2022 – Storslalåm kvinner, Alpint under Vinter-OL 2022 – Slalåm kvinner, VM i alpine greiner 2021, VM i alpine greiner 2023

Mina Fürst Holtmann (fødd 17. juli 1995) er ein norsk alpin skirennar frå Bærum, medlem i Bærums SK.

Holtmann vann super-G under NM i alpine greiner 2014, og utfor og super-G ved noregsmeisterskapen 2015. I junior-VM 2015 rende ho inn til siger i utforrennet. Under NM i alpine greiner 2022 i Narvik sikra ho seg gullmedaljen i så vel slalåm som storslalåm.

Holtmann har delteke i verdscupen i alpine greiner sidan 24. januar 2015. Den 17. desember 2019 presterte ho sitt livs beste tevling, vart då nummer 2 i storslalåmrennet i Courchevel. I den same 2020-sesongen vart ho nummer 7 i FIS-cupen i storslalåm, totalt enda ho på 20. plass i verdscupen i alpine greiner.