Minda Ramm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Minda Ramm
Minda Ramm.jpg
Fødd 27. desember 1859
Sogndal
Død

11. april 1924

Yrke romanforfattar, skribent, omsetjar

Minda Mathea Olava Ramm (fødd 27. desember 1859 i Sogndal, død 11. april 1924) var ein norsk forfatter som i alt skreiv fire romanar og nokre noveller.

Liv og forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Minda Ramm gjekk på privat artiumkurs i Kristiania saman med blant andre Betzy Børresen og Anna Bugge. I studieåra var Ramm kvinnesakforkjempar og aktiv innom studentlaget Skuld, ein forløpar for Norsk Kvinnesaksforening, men seinare blei ho meir kritisk til kvinnesaksrørsla. Ho tok Cand.real.-eksamen i 1890 og i 1893 gifta ho seg med forfattaren Hans E. Kinck som ho fekk to born med.

Debutboka Lommen (1896) vekte merksemd for si skildring av korleis tidas unge intellektuelle kvinner ikkje makta å leve opp til det gjengse kjønnsrollemønsteret om dei tok val som gav dei intellektuell vekst.[1] Kvinnesaksrørsla i Kristiania tolka boka som antifeministisk, og profilerte medlemar sa seg lei for at ei utdanna kvinne dei hadde rekna for ei av sine eigne skreiv slikt. Men sjølv motstandarar av meiningsinnhaldet måtte medgje at boka var vellukka reint kunstnarleg. Den blei òg rekna som erotisk djerv, og kvinner i det akademiske miljøet i Kristiania oppfatta verket som ein nøkkelroman.

Den neste romanen, Overtro. Skildringer fra ottiårene (1898), er mindre vellukka og fekk lite merksemd. I 1909 kom den tredje romanen, Valgaar, ei satirisk skildring av livet i eit lite samfunn.

Den fjerde og siste romanen til Minda Ramm, Fotfæstet (1918), blir rekna som den beste boka hennar. Romanen har eit sivilisasjonskritisk drag ved at den skildrar korleis menneska kløyvest mellom natur og kultur, og deira strev med å finne ein idebasert ståstad i livet.[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]