Minden
Utsjånad
| Minden | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Nordrhein-Westfalen | ||
| Region | Detmold | ||
| Høgd | 42 m | ||
| Areal | 101,12 km² | ||
| Folketal | 83 100 (31. desember 2023)[1] | ||
| Først nemnd i | 798 | ||
| Postnummer | 32300-32499 | ||
| Retningsnummer | 0571 | ||
| Bilnummer | MI | ||
![]() Minden 52°17′18″N 8°55′00″E / 52.288333333333°N 8.9166666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Minden | |||
Minden er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 85 000 innbyggjarar. Byen er administrasjonssete i kreisen Minden-Lübbecke.
Minden ligg ved elva Weser nedanfor gjelet Porta Westfalica.

Historie
[endre | endre wikiteksten]Minden vart først nemnd i 798, då Karl den store heldt eit møte her.
Dei neste hundreåra vart Minden eit kulturelt senter i området. Henrik Løve sitt bryllaup fann stad i domkyrkja i Minden i 1168. Minden var eit medlem av Hansaen og sete for bispedømet Minden, eit fyrstedøme i Det tysk-romerske riket.
Etter freden i Westfalen i 1648 vart staten annektert av Brandenburg.
Under sjuårskrigen vart slaget ved Minden utkjempa like i nærleiken.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2023 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 28. oktober 2024, Wikidata Q131220759, arkivert frå originalen 17 November 2024, henta 16. november 2024
- Denne artikkelen bygger på «Minden» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2007.
