Facies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mineralfacies)
Eolianitt-karbonatfacies (holocen) på Long Island i Bahamas.

Facies er eit omgrep nytta i geologien for å syne særskilde eigenskapar eller fellestrekk hos bergartar.

Magmatisk facies er til dømes finkorna grensefacies eller porfyrittisk facies hos bergartar som er danna ved størkning av magma, der ulikskapane gjev varietetar som skil seg ut.

Metamorf facies vert nytta om bergartar eller mineralgrupper som er danna under tilnærma like fysiske tilhøve, som grønskiferfacies, amfibolittfacies og eklogittfacies.

Sedimentær facies avspelgar tilhøva som bergarten vart danna under og omfattar summen av karakteristisk utsjånad, samansetjing, struktur og fossilinnhald ved ein avleiring. Døme på desse er djuphavsfacies, strandfacies, deltafacies, sandfacies og korallrevfacies.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bryhni, Inge. (14. februar 2009). Facies. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/facies.