Mineralull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mineralull er eit samlenamn for bygningsmaterial av mineralfiber som vert brukt først og fremst til varmeisolering, men og til lydabsorpsjon. Fibrane er lange og tynne og bygger ein porøs masse. Mineralull deler ein i to hovudtypar, glasull og steinull, avhengig av basismaterial.

Varmeisolering[endre | endre wikiteksten]

Mineralull har låg tettleik fordi ho mest består av luft. Gjennom at lufta vert halden still, gir mineralull god varmeisolering. For å halde lufta still skal ein unngå trykkskilnadar som kan få kald luft eller heite branngassar til å strøyme gjennom ulla. Der ulla ikkje er innebygd på andre måtar kan vindskjerming av til dømes trefiberplater, papp eller papir brukast. Ettersom tettleiken er låg vert varmekapasiteten låg dvs. det skal ikkje mykje varme/kulde til før endringar i utetemperaturen slår gjennom veggen sjølv om bygningen er vel isolert, noko som kan synast som eit paradoks, men altså beror på at forholdet mellom varmeleiingsevna og den volummessige varmekapasiteten (kalla termisk diffusivitet), ikkje er lite.

Brannisolering[endre | endre wikiteksten]

Etter som mineralulla er varmeisolerande og ubrennbar er ho god til bruk i konstruksjonar om skal hindre brannar. Ho bør likevel berre brukast i kombinasjon med andre material etter som heite branngassar elles kan passere gjennom den opne ullstrukturen. Derfor kan det vere ein føremon å anvende mineralull med høg materialtettleik trass i at denne har noko høgare varmeleiingsevne og kostar meir. Steinull har høgare smeltepunkt enn glasull og gir derfor betre vern.

Bråk og isolering[endre | endre wikiteksten]

Mineralull isolerer ikkje berre varme, men også lyd. Derfor vert materialet brukt til dømes i innerveggar mellom rom der varmeisolering ikkje er naudsynt.

Glasull[endre | endre wikiteksten]

Råmaterialet til glasull kan vere returglas eller sand, SiO2. Råmaterialet vert smelta ved om lag 1400 °C og den smelta massen vert leia inn i eit roterande spinn der glaset blir slengt ut or små hol og stivnar. Dei tynne tråane av glas vert bearbeidde saman med fenolharts og cirka 0,5 % mineralolje for å bitte til seg vassdropar. Glasulla blir sidan forma til isolerskiver eller andre produkt. Glasull brukast som isoleringsmaterial og har særskilt gode varme- og lydabsorpsjonsseigenskapar og er ubrennbar (A1 i samsvar med Euroclass[1]).

Dimensjonar[endre | endre wikiteksten]

Veggar med regelavstand c/c 600 mm vert isolerte med skiver som har 565 mm breidde, og vert klemte saman om lag 1 cm mellom dei 45 mm tjukke trekonstruksjonane. Ved den stendig meir populære konstruksjonen stålregel med c/c 400 mm brukar ein skiver med 360–365 mm breidde. Dette formatet er enno uvanleg på byggvaremarknadar, noko som fører til at sjølvbyggarar og småforetak vert tvinga til å skjere til passande isolering. For stålregelveggar med c/c 450 mm er det enda vanskelegare å finne isolerskiver med passande breidde; 410 mm. Dette er lite passande, då etablerte tillverkarar av gipsskiver framsnakkar denne regelkonstruksjon til veggar som skal isolerast.

Tidlegare vart oftast veggar innvendig kledde med 1200 mm breie gipsskiver. Etter som skiver i dette formatet aukar risikoen for skader grunna tyngde og last går ein trend mot 900 mm skivebreidde og dermed regelavstand c/c 450 mm. Av denne gruunnen er det i GDS-byggehandelen å finne mineralullskiver i passande breidde. Dette leiar til at sjølvbyggarar vert tvinga til å skjere ut passande breidde frå breiare skiver, noko som gir sløseri med naturressursar, kostnader som kunne unngåast og verre arbeidsmiljø.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Europeisk brandklassning av material, produkter och konstruktioner» (på svensk). Sveriges Tekniska Forskningsinstitut. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 2. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mineralull