Jordvassmyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Minerogen myr)

Jordvassmyr, minerogen myr eller minerotrof myr er myr som får tilført vatn både frå nedbør og grunnvatn som har vore i kontakt med mineraljord (minerogent vatn).[1] Gjennom tilførselen av minerogent vatn får jordvassmyrane tilført meir næringsstoff enn reine nedbørsmyrar. Ein skil mellom soligen myr i hellande terreng der grunnvatnet er i rørsle, og topogen myr der grunnvatnet står stille.[1]

Plantesamfunn på minerogen myr vert kalla minerotrofe.[1] Jordvassmyrar kan vera botanisk rike myrar, men dei kan også vera mindre artsrike. Dette kjem an på næringsinnhaldet i grunnen dei ligg på.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Minerogen myr». Store norske leksikon. 20. juli 2009. Henta 21. november 2013. 
  2. «Våtmark og myr - dei mest truga naturtypane våre». miljolare.no. Henta 25. august 2018.