Minesveipar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg dataspelet minesweeper, som er kalla «minesveiper» på norsk
Den polske minesveiparen ORP Naklo.

Ein minesveipar er eit skip som uskadeleggjer miner i sjøen. (Dei same skipa blir somme tider brukte til å leggja ut miner.)

Ein minesveipar treng ikkje vite nøyaktig posisjon for minene. Fartøyet drar eit sveip etter båten som aktiviserer miner i nærleiken og dermed uskadeleggjer dei. Sveipet kan anten vere mekanisk eller influensbasert. Moderne influenssveip kan til dømes etterlikne lyd og magnetfelt frå fartøy for å lure minene til å gå av.

Saman med minejaktfartøy vert minesveiparfartøy under ein fellesnemnar kalla mineryddingsfartøy. Minejaktfartøy nyttar sonar for å finna minene før vert uskadeleggjort individuelt.

For å unngå å utløysa minene er mineryddingsfartøy mykje meir stillegåande enn vanlege skip. Dei har òg skrog av tre, plast eller lågmagnetisk stål.