Minján

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kveldsbøn (ma'ariv) ved ein bruktbutikk i Tel Aviv.

Minján (hebraisk מִנְיָן eller מִנְיָין, minjān, bokstaveleg 'tal') er ei samling av minst ti jødar over bar misvá- eller bat misvá-alder som trengst for å utføra visse religiøse handlingar. I tradisjonelle former av jødedommen kan berre menn danna ein minján; i nyare retningar kan også kvinner telja.[1][2]

Ein minján kan samlast i eit rom (til dømes i synagogen) eller utandørs. Den vanlegaste handlinga ein gjer i minján er offentleg bøn. Visse jødiske rituelle handlingar kan berre utførast i minján — slik som resitering av Kaddísj og Barekhú i gudstenesta og inkludering av «Elohénu» i innleiinga til Birkat hammazón.

Historisk sett har synet på inkludering av kvinner variert. I vår tids ortodokse jødedom, særleg blant askenasiske jødar er det vanlegast at ein berre tel menn og gutar over tretten år i minján i alle samanhengar. I rekonstruksjonistisk jødedom og reformjødedom, og delvis òg i konservativ jødedom, er skikken sidan midten av 1900-talet at både kvinner og menn blir talde med i minjánen. Sidan 1980-åra har dette òg vore det vanlegaste i konservativ jødedom.

Ordet minján blir òg ofte bruka om ei gruppe som ofte kjem saman for å halde gudstenester. I ein synagoge og/eller ei jødisk meinigheit kan det vera fleire slike minjaním. I ein del synagogar har ein separate askenasiske og sefardiske minjaním, separate ortodokse og konservative minjaním eller liknande. Når ei slik gruppering driv fleire felleshandlingar enn berre gudstenester blir dei gjerne organiserte som ein haburá.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fine, Rabbi David J. (12 June 2012). «Women and the Minyan» (PDF). Committee on Jewish Law and Standards of the Rabbinical Assembly (på engelsk og hebraisk). New York, NY: Rabbinical Assembly. Henta 23 May 2011. 
  2. Golinkin, Rabbi David. «Women in the Minyan and as Shelihot Tzibbur». Va'ad Halakhah – English Summaries. Jerusalem, Israel: Schechter Institute of Jewish Studies. Henta 23 May 2011.