Minna Bluff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Minna Bluff
klippe
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 78°30′S 169°0′E / 78.500°S 169.000°E / -78.500; 169.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Minna Bluff
78°33′S 166°54′E / 78.55°S 166.9°E / -78.55; 166.9
Minna Bluff is located in Antarktis
Minna Bluff (Antarktis)

Minna Bluff er ei klippe ved austenden av ei vulkansk halvøy i Antarktis som stikk langt ut i Rossisen. Ho dannar ein lang, smal arm som endar i ein søroverretta krok (Minna Hook) og her vert det drive forsking på den kryosfæriske historia i Antarktis, betalt av polaravdelinga til National Science Foundation.

Klippa er ofte nemnt i den tidlege utforskinga av Antarktis. Ho vart oppdaga i juni 1902 [1] av kaptein Robert F. Scott under Discovery-ekspedisjonen i 1901–04. Ho vart så rekna som eit viktig landemerke og det vart sett av viktige forsyingar her på dei sørlege reisene mot Sørpolen. Opphavleg vart klippa berre kalla «the Bluff», og han fekk seinare namn av kaptein Scott etter kona til den tidlegare presidenten i Royal Geographical Society, sir Clements Markham.

Alle ekspedisjonar som følgde Scott på denne ruta sørover (inkludert Ernest Shackleton 1908, Scott sjølv 1911 og gruppa til Shackleton ved Rosshavet 1914-16)[2][3]nytta Minna Bluff til å posisjonere depot og som eit viktig landemerke på veg heimover. På grunn av istilstanden i nærleiken vart polruta lagt 30 km mot aust, og depota langs denne ruta vart lagt slik at innan syne av klippe.

George Simpson, ein meteorolog for Scott på Terra Nova-ekspedisjonen meinte at Minna Bluff hadde ein effekt på vêret i ormådet. Klippa får dei sørlege vindane til å svinge austover here langs austkanten av Rossisen, og denne vinden vert så delt når han når Ross Island kring 80 km lenger nord.[4]. Ein straum strøymer ut i McMurdo Sound, den andre går austover til Cape Crozier. Denne delinga av vindretninga har mellom anna følgjer som skapar «vindstillebukta» på sørkysten av Ross Island[5], eit særleg kaldt område med tåke og lite vind.

Klippa vert ofte rekna som det sørlegaste punktet i Victoria Land og skil Scott Coast i nord frå Hillary Coast i Ross Dependency i sør.

Minna Hook er eit krokforma vulkansk massiv, som er 17 km lang og med ei høgd opp mot 1115 moh, og som dannar søraustenden av halvøya Minna Bluff ved sørenden av Scott Coast. Namnet kjem frå Minna Bluff og vart først nedskrive på eit geologisk kart og rapport av Anne Wright-Grassham i 1987.

Minna Saddle er eit snødekt skard, som er fleire kilometer langt og breitt, ved samløpet mellom Minna Bluff og austsida av Mount Discovery. Det vart namngjeven i 1958 etter Minna Bluff av gruppa frå New Zealand under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition i 1956-58.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wilson: diary entry 12.6.1902 s. 150
  2. Riffenburgh, s. 216–17
  3. Bickel, s. 99–100
  4. Solomon, s. 152–53
  5. Cherry-Garrard, Map, s. 346

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]