Minnehaha-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Minnehaha-elva
elv
Kart
Minnehaha-elva
44°54′32″N 93°12′02″W / 44.9089°N 93.2005°W / 44.9089; -93.2005
Wikimedia Commons: Minnehaha Creek

Minnehaha-elva (engelsk Minnehaha Creek, dakota Mniȟáȟa Wakpádaŋ) er ei sideelv til Mississippielva i byen Minneapolis i Minnesota. Elva er 35 km lang og forbind ei rekkje gryteholsjøar i det sørvestre Minneapolis med Mississippi-elva. Elva renn austover frå Gray's Bay Dam ved Minnetonkasjøen[1] gjennom forstadane Minnetonka, Hopkins, Saint Louis Park og Edina og byen Minneapolis. Elva er kjend for den 16 meter høge fossen Minnehaha Falls, som ligg i Minnehaha Park nær utløpet til elva i Mississippielva. Fossen er omtalt i The Song of Hiawatha frå 1855 av Henry Wadsworth Longfellow.[2]

Minnehaha Falls i Minnehaha-elva, i det sørvestlige Minneapolis.

Minnehaha er ei smal elv som skapar ein grøn lunge med større innsjøar og godt verna elveløp (Minnehaha Parkway) i det sørlege Minneapolis. Dei største sjøane er (frå vest) Lake Minnetonka, Libb's Lake, Lake of the Isles, Lake Calhoun, Lake Harriet, Lake Nokomis og Lake Hiawatha. Dei sistnemnde to innsjøane hengj nesten saman og ligg berre 2 km vest for utløpet i Mississippi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Minnehaha-elva