Minneparken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruinen av Krosskyrkja
Ruinane av Olavsklosteret, med Bispegården i bakgrunnen
Oslo bispegård med restar av Olavsklosteret som kjellar
Ruinen av Hallvardskatedralen

Minneparken, på folkemunne kjend som Ruinparken, er ein park ved Oslo torg i Gamlebyen i Oslo. Parken inneheld ruinane av den første domkyrkja i Oslo: Hallvardskatedralen, Olavsklosteret og Krosskyrkja. Minneparken vart innskrenka i samband med utvidinga av Bispegata si austre forlenging mot slutten av 1930-talet/byrjinga av 1960-talet, då det vart lagt betonglokk over søre del av Hallvardskatedralen. Olavsklosteret er i dag under ruinrestaurering ved Riksantikvaren.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Minneparken er i dag 13,7 dekar stor[1] og grensar til St. Halvards plass og Oslo gate i vest med Oslo ladegård på den andre sida av gata, Bispegata i sør, St. Halvards gate i søraust, Egedes gate i aust og Arups gate i nord. Han ligg ein kilometer austom Oslo Sentralstasjon, i ei svak austhelling.

Parken er ein del av mellomalderbyen, der kjerneområdet strekte seg frå Minneparken mot sørvest til dagens Middelalderparken med kongsgarden, Mariakyrkja og strandlinja. Dei sentrale gatene Vestre strete, Bispealmenningen og Nordre strete møttest på vestsida av Hallvardskatedralen. Plassen føre inngangspartiet til katedralen mot vest var torget for mellomalderbyen. På austsida av katedralen møttest Gatene og Østre strete.

Ruinane[endre | endre wikiteksten]

Hallvardskatedralen, bygd tidleg på 1100-talet, var ein romansk basilika med sentralt tårn og tverrskip. Kyrkja var i bruk til 1660, og dei siste restane av bygningen vart rivne rundt 1780. Området der Hallvardskatedralens låg, vart seinare bygd ut. I 1860- og 70-åra vart dei siste private bygningane på kyrkjetomta rivne.

Olavsklosteret (dominikanerordenen) vart bygd i 1240, ved ombygging av den tidlegare Olavskirken. Klosteret vart bygd om til bispebolig i 1623. Dagens Oslo bispegård vart bygd i 1884 på den austlege delene av klosterruinen. Dei vestlege delene vart avdekt i 1950-åra, og klostergarden og klostergangen er i dag markert med ein pergola. Olavsklosteret hadde urtehage nord for klosterbygningen, og ein dam der munkane sannsynlegvis heldt karuss. Hagen og dammen vart restaurert i 1929, men er i dag knapt synleg.

Krosskyrkja var ei lita forsamlingskyrkje for den nordlege delen av byen. Ruinen viser grunnrisset av kyrkja, og dei nedste deler av sørportalen. Ein kan sjå restar av alterfundamentet og restar av kyrkjegardsmuren omkring kyrkjegarden som omgav kyrkja.

Historia bak parken[endre | endre wikiteksten]

Allereie i 1872-73 vart det gjort plantningsarbeid på den dåverande plassen, den noverande nordlege delen av Ruinparken. Dette var det første parkanlegget som markerer mellomalderbyen. Utgravingar av Hallvardskatedralen byrja med i 1865, og arbeidd vart fortsett i 1879. Arkitekt og arkeolog Gerhard Fischer leidde utgravinaer på 1920-talet. Hallvardskatedralen vart avdekt i 1921, Krosskyrkja i 1922. Fischer laga ein plan for Minneparken som vart godkjent av kommunen i 1928.

Dei nordlege delane av parken låg opne som hage, og denne strekte seg nesten heilt nord til Hovedbanen.[2]

Leikeplassen nord i parken er anlagt før 1917,[3] medan området med ruinen var ein del av St. Halvards plass fram til 1918, då bystyret vedtok å anleggja Minneparken.

Minneparken vart offisielt opna i 1932 av riksantikvar Harry Fett. Parken var eit luftig og velhalde anlegg ved opninga i 1932. Ruinane av St. Hallvardskatedralen var den gongen løfta fram som sentralattraksjon. Området med krosskyrkjeruinen og leikeplassen vart opparbeidd av parkvesenet i 1932 og 1933.

På 1960-talet vart det lagt betonglokk over søre delen av parken til fordel for motorveg, og parken har sidan hatt ein inneklemt og uforløst profil mot sør.

I 1979 vart det avduka to bronserelieff i parken av Gerhard Fischer og kunsthistorikaren Dorothea Fischer, utført av Boge Berg.

Klosterhagen vart sett i stand til byjubiléet i 1950, og rehabilitert i 1991.

Minneparken vert forvalta av Friluftsetaten i Oslo, og det vert drøfta i ulike samanhengar om det er mogleg å få heile parken fram igjen i dagen (til dømes i ein aftenpostendebatt i 2005). I så fall inneber det sanering av trafikken over austre del av Bispegata, og fjerning av betonglokket som ligg delvis over ruinen over Hallvardskatedralen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Grøntregistreringer. Oslo kommune, Plan- og bygningsetaten, 2009. Velg excel-fila Grøntregistrering 14.05.2009 og bydel 1 arealnummer 15601 og 15602. (vitja 2. april 2011)
  2. Henry Røsoch: På vandring i Christiania. Oslo: Cappelen, 1953, side 356 og 357, opplysinga gjeld 1858.
  3. Amund Helland: Topografisk-statstisk beskrivelse over Kristiania. Oslo, Aschehoug, 1917, bind II side 63

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Magne Bruun: Norske hagar gjennom tusen år. Oslo, Andresen & Butenschøn, 2007, side 21. Kilde til urtehagen og dammen.
  • Pål Henry Engh og Arne Gunnarsjaa: Oslo. Ein arkitekturguide. Oslo: Universitetsforlaget, 1984, side 96
  • Oslo byleksikon, side 244, 282, 314, 375 og 502
  • Marius Røhne: Oslo kommunale parkar og grønnanlegg 1810-1948. Oslo, Myhres papirindustri, 1967
  • Ole Daniel Bruun: Arkitektur i Oslo. Ein veiviser til bygningsmiljøet i byen. Kunnskapsforslaget 1999, side 3
  • Erik Schia: Oslo innerst i Viken. Liv og virke i middelalderbyen. Oslo: Aschehoug, 1991
  • Debatt i Aftenposten 2005 andsynes betonglok og motorveg av austre del av Ruinparken/Oslo torg
  • Nils Petter Thuesen: Oslo – seks historiske vandringer. Oslo : Cappelen, 1996

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]