Minnesteinar 1807-1814 i Sogn og Fjordane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Minnestein reist i 1914 ved Solvorn skule med innhogne namn på alle frå Solvorn sokn som fall i ufredsåra 1808-1814.

Minnesteinar 1807-1814 i Sogn og Fjordane er eit oversyn over minnesteinar i fylket.

Ufredsåra 1807-1814[endre | endre wikiteksten]

I 1807 kom Danmark-Noreg i krig med Sverige. Mange frå Sogn og Fjordane vart innkalla og i fleire vender sende austover for å verja landet. Dei hadde det hardt på fleire vis - det var smått med mat og klede, elendige sanitærforhold, sjukdom herja og det kom til krigshandlingar fleire gonger. Mange miste livet eller fekk livsvarig mein, og fleire av sjukdom enn av krigshandlingar.[1]

Minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste minnesteinen for 1807-1814 blei reist i Lærdal i 1902 som hundreårsmarkering for opprettinga av Det Lærdalske lette Infanterie Compagni og innsatsen i ufredsåra. Dei to neste vart oppsette i Årdal (1903) og Fresvik (1913). Dei andre vart reiste i jubileumsåret 1914.[2]

I Nordfjord finst det tre minnesteinar om ufredsåra 1807-1814; på Nordfjordeid, i Ålfoten og i Randabygda.[3]

Til jubileumsåret for grunnlova i 1914 vart det reist mange minnesmerke i Sogn og Fjordane. Vi har opplysningar om 19 i fylket. Bortsett frå Holck-minnesmerket i Alværa i Høyanger er alle minnesmerka i Sogn å finna i den indre del av fjorden. [4] Halvparten av desse er bautasteinar til minne om soldatar som var ute i krigen mot Sverige i ufredsåra 1807-1814.[5]

Oversikt over minnesteinane[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kleppa, Hermund (2000): Minnestein i Fardal om soldatar i ufredsåra 1807-1814 i Kulturhistorisk leksikon
  2. Kleppa, Hermund (2000): Minnestein i Fardal om soldatar i ufredsåra 1807-1814 i Kulturhistorisk leksikon
  3. Kleppa, Hermund (2002): Minnestein om ufredsåra 1807-1814 i Randabygda i Kulturhistorisk leksikon
  4. Kleppa, Hermund (2011): 1814 Grunnlovsjubileum 2014 - Minnesteinar Sogn og Fjordane Arkivert 2014-02-22 ved Wayback Machine. i Kulturhistorisk leksikon
  5. Kleppa, Hermund (2003): Minnestein i Solvorn om ufredsåra 1807-1814 i Kulturhistorisk leksikon