Minotauros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Minotaur)
Minotauros.

Minotauros (gr. «Minos' okse») var eit vesen i gresk mytologi som var halvt menneske og halvt okse. Han heldt til i LabyrintenKreta, eit stort byggverk oppført av kong Minos og teikna av arkitekten og oppfinnaren Daidalos for å helde monsteret innesperra. Han vart til slutt drepen av helten Thesevs.

Segnet om Minotauros[endre | endre wikiteksten]

Før Minos vart konge, bad han havguden Poseidon om eit teikn, for å forsikre seg om at han, og ikkje bror hans, skulle arve trona. Poseidon sendte han ein kvit okse med vilkår om at Minos ville ofre oksen til han. Ein umåteleg velskapt okse kom opp frå havet, og kong Minos syntes han var så vakker at han heller ofra ein annan okse, og håpte at Poseidon ikkje ville gjennomskode det. Poseidon vart rasande då han oppdaga bedrageriet, og sørgde for at hustrua til Minos, Pasifaë, vart offer for ein brå galskap, og vart forelska i oksen. Ho bad Daidalos om hjelp, og han bygde ei hol ku av tre, dekt med kuskinn, der ho kunne gøyme seg og la oksen bedekke ho. Som følgje av dette fødde ho Minotaurosen.

Minotauros hadde menneskekropp, men hovud og hale som ein okse. Den var eit farleg og aggressivt vesen, og etter råd frå Orakelet i Delfi fekk kong Minos Daidalos til å konstruere ein veldig labyrint under palasset i Knossos for å halde Minotauros innesperra.

Det fall seg slik at sonen til Minos, Androgeos, vart drepen av atenarane, som var misunnelege for sigrane hans ved dei panathenske leikane. For å hemne sonen sin erklærte Minos krig. Han sigra, og forlangte at sju athenske gutar og sju jenter skulle førast til han kvart niande år for å gje dei til Minotauros. Då det var tid for den tredje ofringa, drog Thesevs for å drepe monsteret. Dottera til Minos, Ariadne, var forelska i han og hjelpte han med å finne vegen ut av labyrinten ved å gje han eit garnnøste. Thesevs rulla det ut medan han gjekk inn, og følgde tråden attende etterpå. Han drep Minotauros med eit magisk sverd han òg fekk av Ariadne, og førte dei andre atenarane ut av labyrinten.

Minos vart sint fordi Thesevs slapp unna, og stengte Daidalos og sonen Ikaros inne i labyrinten. Dei klarte å flykte ved å iføre seg vengjer, men Ikaros døydde i fluktforsøket; han flydde for høgt slik at sola smelta voksen som heldt vengjene saman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]