Minsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Minsk
Sigersplassen i sentrum av Minsk
Sigersplassen i sentrum av Minsk
Flagget til Minsk Byvåpenet til Minsk
Flagget til Minsk Byvåpenet til Minsk
Styresmakter
Land
Voblast
Kviterussland
Minsk voblast
Grunnlagd 1067
Ordførar Mikhail Pavlov
Geografi
Flatevidd
 - By

348,9 km²
Innbyggjarar
 - By (2013)

1 921 861[1]
Koordinatar 53°54′0″N 27°34′0″EKoordinatar: 53°54′0″N 27°34′0″E
Høgd over havet 280 m
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EET (UTC+3)
Diverse anna
Postnummer 220001-22141
Telefon-retningsnummer +375 17
Bilnummer 7
Heimeside: www.minsk.gov.by
Plassering
Lokasjon av Minsk
Lokasjon av Minsk

Minsk (kviterussisk Менск, Мінск; russisk Минск) er hovudstad og største by i Kviterussland og Minsk voblast ved elvene Svislotsj og Niamiha. Byen har 1,92 millionar innbyggjarar (2013). Han ligg ved elva Svislatj.[2]

Minsk vart grunnlagt som del av eit vikingrike på 900-talet og vart seinare underlagt Polen-Litauen. Frå 1569 var han ein delstatshovudstad i Den polsk-litauiske realunionen. I 1655 vart Minsk erobra av russarane, men vart teken tilbake av Polen-Litauen. Byen vart igjen annektert av Russland ved Polens andre deling i 1793. Han blei hærteken av Napoleon sin hær i 1812.[2]

1919–1991 var Minsk hovudstad i Kviterussiske SSR. Under andre verdskrigen vart Minsk bomba alt første dagen av det tyske åtaket på Sovjetunionen, 22. juni 1941. Fire dagar seinare vart byen teken. Nokre fabrikkar, museum og titusenvis av sivile hadde likevel alt vorte evakuerte austover. Tyskarane gjorde Minsk til administrasjonssenter for «Reichskomissariat Ostland», og behandla sivilfolket svært brutalt. Kommunistar vart fengsla eller avretta, og tusenvis av sivile vart tvinga inn i slavearbeid både lokalt og i Tyskland. Tusenvis svalt i hel då tyskarane rekvirerte det meste av maten i området og det mest ikkje var betalt arbeid å få. Minsk vart etter kvart eit senter for sovjetisk partisanverksemd. I ghettoen stua nazistane saman over 100 000 jødar. Dei fleste vart drepne. Minsk vart frigjord 3. juli 1944 under den store sovjetiske offensiven Operasjon Bagration. Men då var mesteparten av byen ein ruinhaug, og det meste måtte byggjast opp på ny. Før andre verdskrigen hadde Minsk 300 000 innbyggjarar. Ved frigjeringa i 1944 var det berre 50 000 att.[treng kjelde]

Minsk er det kulturelle og industrielle sentrumet i Kviterussland. Industrien omfattar produksjon av transportmiddek, næringsmiddel, kjemikaliar og ulike forbruksvarer. Byen er eit veg- og jernbaneknutepunkt med internasjonal lufthavn. Det finst også ein tunnelbane i byen.[2]

Universitetet i Minsk er frå 1921. Byen har også fleire høgskolar og institutt.[2]

Domkyrkja i byen er frå 1622.[2]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Численность населения на 1 января 2014 г. Социально-экономическое положение города Минска в январе 2014 г.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Minsk» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.