Felles multiplum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Minste felles multiplum)

Felles multiplum er eit omgrep i matematikk. Eit felles multiplum for to eller fleire heile positive tal er eit heilt positivt tal som er deleleg med dei alle. Produktet av tala er alltid eit felles multiplum.

Det eksisterer alltid eit minste felles multiplum (forkorta lcm,least common multiple eller mfm på norsk) d (som er ein divisor av alle andre felles multipla). Minste felles multiplum til to tal a og b, er det minste talet d, slik at både a og b deler d.

Ein veldig effektiv måte å matematisk rekne ut det minste felles multiplumet, er å bruke formelen for minste felles multiplum, òg kjend som Ekinger-formelen , der gcd er største felles faktor.

Minste felles multiplum kan nyttast til å legge saman to brøkar, eller to rasjonale tal. Til dømes er , der nemnaren er 42 fordi lcm(21,6) = 42.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]