Mira i Portugal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mira
elv
Land  Portugal
Nedslagsfelt 1 600 km²
Lengd 145 km
Kjelde Serra do Caldeirão i Portugal
 - høgd ~470 moh.
Munning Atlanterhavet, Vila Nova de Milfontes i Portugal
Kart
Mira i Portugal
37°31′26″N 8°12′31″W / 37.524022222222°N 8.2086888888889°W / 37.524022222222; -8.2086888888889
Wikimedia Commons: Mira River

Mira er ei elv sørvest i Alentejo i Portugal med ei lengd på 145 km.

Ho har kjelda si i nordsida av Serra do Caldeirão og renn nordvestover mot Atlanterhavet, der ho renn gjennom eit lite delta nær byen Vila Nova de Milfontes, 115 km sør for Lisboa. Ho er ein av berre to elva som hovudsakleg renn frå sør til nord. Den andre elva er Sado, som ligg litt lenger nord og Guadiana ligg i aust.

Av sideelvar til høgre finn ein Torgal, Luzianes og Perna Secar og frå venstre Macheira, Guilherme og Telhares.

Sidan namnet på elva eksisterte før romarane kom til området, meiner ein at det kan kome frå den keltisk eller før-keltiske byen Miróbriga (som i dag er Santiago do Cacém). Ein veit at i panteonet for dei lokale stammene var det ein gud som verna vatnet og som dei lokale innbyggjarane kalla Mirobieus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]