Mirage av Fleetwood Mac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mirage
Studioalbum av Fleetwood Mac
Utgjeve 18. juni 1982
Innspelt 1981 – 1982 på
Le Château i Hérouville i Frankrike,
Larrabee Sound Studios (og) the Record Plant
(begge i Los Angeles California)
miksa i
George Massenburg Labs
i West Los Angeles
Sjanger Poprock
Adult contemporary
Lengd 42:52
Selskap Warner Bros.
Produsent Lindsey Buckingham, Richard Dashut, Fleetwood Mac
Fleetwood Mac-kronologi
Live
(1980)
Mirage Tango in the Night
(1987)
Singlar frå Mirage
  1. «Hold Me»
    Utgjeve: Juni 1982 (USA) / Juli 1982 (UK)
  2. «Gypsy»
    Utgjeve: August 1982 (USA) / September 1982 (UK)
  3. «Love in Store»
    Utgjeve: November 1982 (USA)
  4. «Oh Diane»
    Utgjeve: desember 1982 (UK) / February 1983 (USA)
  5. «Can't Go Back»
    Utgjeve: April 1983 (UK)
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauB+[2]

Mirage er det 13. studioalbumet til Fleetwood Mac, gjeve ut 18. juni 1982.

Etter ein pause på over eitt år då den verdsomfattande Tusk-turneen var over, flytta bandet for ei stund til Château d'Hérouville i Frankrike for å spele inn dette albumet. På denne tida hadde Stevie Nicks og Lindsey Buckingham begge starta solokarrierane sine, Nicks med den storsuksessen Bella Donna i 1981 og Buckingham med Law and Order.

Med Mirage tok bandet ytterlegare eit steg mot radiovennleg softrock. Det stod i sterk kontrast til den meir eksperimentelle føregjengaren Tusk frå 1979. Mirage gav dei fleire hitsinglar: «Hold Me» (som nådde fjerdeplassen i USA), «Love in Store» (22. plass i USA), «Oh Diane» (niandeplass i Storbritannia) og «Can't Go Back».

Stevie Nicks-songen «Gypsy» var den andre singelen frå albumet og kom i lag med ein lengre video, som skal ha vore den dyraste musikkvideoen som var produsert til då,[treng kjelde] regissert av Russell Mulcahy. Videoen var den første «World Premiere Video» på MTV i 1982.[treng kjelde] Singel- og albumversjonen av «Gypsy» varte 4:24, men ein fem og eit halvt minutt lang versjon vart opphavleg spelt inn og denne versjonen vart nytta for videoen. Den lange versjonen av songen vart først tilgjengeleg på CD i plateboksen 25 Years – The Chain.

Dei to andre songane til Nicks på albumet var «That's Alright», som gjekk attende til tida då ho song i duett med Buckingham i 1974, medan «Straight Back» vart skriven vinteren 1981 og handla om då ho enda forholdet til den dåverande kjærasten sin, produsenten Jimmy Iovine, og vanskane ho hadde med å gå attende til Fleetwood Mac etter den store suksessen ho nettopp hadde fått som soloartist. «Straight Back» vart ein radiohit i USA vinteren 1982.

Albumet låg 18 veker inne på topp 10 på albumlista i USA og selde til dobbel platina for to millionar selde eksemplar i USA.[3]. Dette var første gongen gruppa fekk eit album så høgt på albumlista sidan Rumours i 1977. Albumet låg fem veker på toppen av lista og nådde òg ein femteplass i Storbritannia, der det selde 300 000 eksemplar. Albumet nådde andreplassen i Australia.[treng kjelde]

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Love in Store»  Christine McVie, Jim Recor 3:14
2. «Can't Go Back»  Lindsey Buckingham 2:42
3. «That's Alright»  Stevie Nicks 3:09
4. «Book of Love»  Buckingham, Richard Dashut 3:21
5. «Gypsy»  Nicks 4:24
6. «Only Over You»  C. McVie 4:08
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Empire State»  Buckingham, Dashut 2:51
2. «Straight Back»  Nicks 4:17
3. «Hold Me»  C. McVie, Robbie Patton 3:44
4. «Oh Diane»  Buckingham, Dashut 2:33
5. «Eyes of the World»  Buckingham 3:44
6. «Wish You Were Here»  C. McVie, Colin Allen 4:45

Turné[endre | endre wikiteksten]

Mirage-turneen gjekk hausten 1982 og varte berre nokre få månader i 29 byar i USA.[4]

Dei to siste konsertane på turneen vart filma i Los Angeles i 1982. Denne vart gjeven ut på VHS og CED videodisc i 1983. Mange songar var redigert bort, og den 135 minuttar lange konserten vart korta ned til berre 80 minuttar på kassett. Konserten vart gjeven ut på DVD i 2003, men berre i Brasil. I 2006 kom ein ny versjon ut på DVD i Australia med ekstra bonusspor av musikkvideoar av Stevie Nicks.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Fleetwood Mac

Andre medverkande

  • Ray Lindsey – gitar på «Straight Back»

Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Australian Kent Music Report[6] 2
Canadian RPM Album Chart[7] 5
Nederland[8] 6
Frankrike[9] 11
Japan[10] 40
New Zealand[11] 13
Noreg[12] 2
Spania[13] 17
Sverige[14] 10
UK Album Chart[15] 5
US Billboard 200[16] 1
Vest-Tyskland[17] 12

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Australia[6] 9
Canada[18] 21
Nederland[19] 42
Frankrike[20] 40
UK Album Chart[21] 44
US Billboard Pop Album[22] 24
Liste (1983) Plassering
US Billboard Pop Album[23] 88

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thomas, Stephen. «Allmusic review». Allmusic.com. Henta 12. august 2015. 
  2. «Robert Christgau review». Robertchristgau.com. Henta 12. august 2015. 
  3. «American album salstrofé – Fleetwood Mac – Mirage». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  4. «The Mirage Tour». Fmlegacy.com. Arkivert frå originalen 12. august 2015. Henta 12. august 2015. 
  5. Graham, Sam. «Lindsey Buckingham: Personal Brinksmanship and State-of-the-Art Subconscious». The Penguin. Henta 12. april 2015.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)
  6. 6,0 6,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. Library and Archives Canada. Henta 20 February 2013
  8. «dutchcharts.nl Fleetwood Mac – Mirage» (ASP). Hung Medien. MegaCharts. Henta 12. august 2015. 
  9. «InfoDisc : Tous les Album classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på French). infodisc.fr. Henta 12. august 2015. 
  10. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  11. «charts.org.nz Fleetwood Mac – Mirage» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 12. august 2015. 
  12. «norwegiancharts.com Fleetwood Mac – Mirage» (ASP). Hung Medien. VG-lista. Henta 12. august 2015. 
  13. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  14. «swedishcharts.com Fleetwood Mac – Mirage» (ASP) (på svensk). Henta 12. august 2015. 
  15. «Fleetwood Mac > Artists > Official Charts». UK Album Chart. Henta 12. august 2015. 
  16. «allmusic ((( Mirage > Charts & Awards > Billboard Album )))». allmusic.com. Henta 12. august 2015. 
  17. «Album Search: Fleetwood Mac – Mirage» (på tysk). Media Control. Henta 12. august 2015. 
  18. «Top 100 Album '82». RPM. 25. desember 1982. Henta 12. august 2015. 
  19. «Dutch charts jaaroverzichten 1982» (på nederlandsk). Dutchcharts.nl. Henta 17. juli 2015. 
  20. «Les Album (CD) de 1982 par InfoDisc» (PHP) (på French). infodisc.fr. Henta 12. august 2015. 
  21. «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 11 January 2012. Henta 2 April 2014. 
  22. «Billboard.BIZ: Top Pop Album of 1982» Check |archiveurl= value (hjelp). billboard.biz. Arkivert frå originalen 15 January 2013. Henta 15. juli 2015. 
  23. «Billboard BIZ: Top Pop Album of 1983». billboard.biz. Arkivert frå originalen 15 January 2013. Henta 15. juli 2015.