Mirror Man av Captain Beefheart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mirror Man
Studioalbum av Captain Beefheart og his Magic Band
Utgjeve April 1971
Innspelt Oktober og november 1967
Studio TTG Studios, Hollywood
Sjanger Bluesrock, psykedelisk rock
Lengd 52:51
Selskap Buddah
Produsent Bob Krasnow
Captain Beefheart og his Magic Band-kronologi
Lick My Decals Off, Baby
(1970)
Mirror Man The Spotlight Kid
(1972)


Mirror Man er det femte studioalbumet til det amerikanske rockebandet Captain Beefheart and his Magic Band, gjeve ut i april 1971 på Buddah Records. Det inneheld songar som vart spelte inn for selskapet i 1967 og opphavleg meint for eit skrinlagd prosjekt kalla It Comes to You in a Plain Brown Wrapper. Mykje av materialet frå dette prosjektet vart sidan spelt inn på ny og gjeve ut på eit anna selskap som Strictly Personal (1968). Lydbanda frå den opphavlege innspelinga vart verande hos Buddah, som tok fire av dei unytta spora og gav dei ut som Mirror Man. Plateomslaget inneheld ein feilaktig påstand om at det vart «spelt inn i løpet av ein kveld i Los Angeles i 1965».

Albumet er dominert av tre lange, blues-baserte jammar med uvanleg lite tekst til Beefheart å vere. Ein fjerde song, den åtte minuttar lange «Kandy Korn», er ein tidlegare versjon av eit spor som finst på Strictly Personal. I 1999 gav Buddha Records ut ei utvida utgåve av albumet, kalla The Mirror Man Sessions, med ytterlegare fem spor teken frå dei gamle lydbanda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då bandet drog i studio seint i 1967 for å spele inn ein oppfølgjar til debutplata Safe as Milk, som kom ut tidlegare på året, var det meininga å skape eit dobbeltalbum med tittelen It Comes to You in a Plain Brown Wrapper.[1] Tre av spora dei spelte inn, «Tarotplane», «25th Century Quaker» og «Mirror Man», var lange, psykedeliske bluesjammar framførte «live» i studio (i eit einaste opptak utan ekstra lydspor).[1] Desse var meint å fylle opp ei av dei to LP-platene.[2] Bandet arbeidde på ei rekkje av spora, og mange av dei kom sidan ut på Strictly Personal (1968). Desse songane var karakteristiske for sine polyrytmiske strukturar og psykedeliske tema, som markerte ei endring frå dei tidlegare bluesbaserte røtene til bandet på Safe as Milk.[2]

Brown Wrapper-konseptet vart på eit tidspunkt skrinlagd, og mange av spora frå innspelinga vart verande uferdige og utan vokal.[2] Årsaka til dette er framleis uklårt, men Beefheart-biografen Mike Barnes meinte det kunne vere fordi selskapet deira, Buddah, rett og slett mista interessa.[2] Fleire av dei skrinlagde songane vart spelte inn på ny i 1968 og gjevne ut som Strictly Personal på produsenten Bob Krasnow sitt eige selskap, Blue Thumb. Dei originale innspelingane, med tre lange bluesjammar, vart verande hos Buddah, som gav ut Mirror Man i mai 1971.[3] Plateomslaget til plata synte eit bilete av besetninga deira frå 1970.[3] Seinare trykk av plata erstatta dette biletet av eit meir slåande bilete av Van Vliet (Beefheart) med flosshatt.

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Opningssporet, «Tarotplane», har henta tittelen frå Robert Johnson-songen «Terraplane Blues», som handla om ein populær bil i 1930-åra.[4] Gjennom den nitten minuttar lange «Tarotplane» siterer Van Vliet linjer frå Johnson-songen, i tillegg til andre bluessongar, som Blind Willie Johnson sin «You're Gonna Need Somebody on Your Bond», Son House sin «Grinning in Your Face» og Willie Dixon sin «Wang Dang Doodle».[4] Songen er bygd kring eit enkelt to akkordars bluesriff. Van Vliet spelar mellom anna eit indisk treblåseinstrument kalla shehnai, som han visstnok fekk av Ornette Coleman, og som han spelar i ein annan toneart enn resten av bandet.[5]

På side ein finn ein òg den åtte minuttar lange «Kandy Korn», den andre Magic Band-songen som omhandlar godteri, etter «Abba Zaba» på Safe as Milk.[6] Ein annan, kortare versjon av denne songen finst som avslutningsspor på Strictly Personal, der produksjonen gravlegg dei seinare delane av songen under ei rekkje baklengs cymbalar.[7] Her har ikkje sporet dei kontroversielle produksjonseffektane til Krasnow.

Den andre, lange bluesjammen er «25th Century Quaker», med surrealistisk tekst som passa inn med den psykedeliske stemninga på denne tida. Teksten nemner «blue cheese faces» og «eyes that flutter like a wide-open shutter.» Då songen vart spelt inn hadde bandet byrja å gå med svarte kveker-frakkar på scenen, og byrja å halde konsertar under namnet The 25th Century Quakers.[5]

Albumet avsluttar med det 15 minuttar lange tittelsporet. Ei melding i AllMusic omtalar «Mirror Man» som «eit av dei viktigaste spora i heile karrieren til Beefheart. Kanskje den mest fengande melodien Beefheart nokon gong skreiv, med ein nesten funky, hoftesvingande groove.»[8] Trommeslagaren John French sa «Dette er innspelinga der eg sidan vart fortalt at nokon hadde putta LSD i teen min. Det må ha vore små mengder, for eg kjende meg ikkje langt i frå røyndomen.»[9] Som «Kandy Korn» vart sporet spelt inn på ny for Strictly Personal, der han har namnet «Son of Mirror Man – Mere Man».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[10]

Ei seinare melding for Rolling Stone av Lester Bangs opnar med å omtale Beefheart som «eit av fire-fem ukvalifiserte geni som dukka opp frå drivhusa av amerikansk musikk i 60-åra» og sa vidare: «Ingen av dei byggjer seg opp i intensitet eller slutta på ein annan stad enn der dei byrja, og kan kanskje vere utåleleg for nokon som alt er litt sett ut av musikken til Beefheart.»[11] Mike Barnes meinte at lengda på spora dels er rettferdiggjort av at andre band òg laga lange bluesjammar på denne tida, som den nitten minuttar lange «Revelation» på Love-albumet Da Capo (1966), eller den elleve minuttar lange «Alligator» frå Grateful Dead-albumet Anthem of the Sun (1968).[5]

Albumet nådde 49. plassen på den britiske albumlista, men som alle Magic Band-albuma, gjekk det ikkje inn på topp 100 i USA.[12]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Original LP[endre | endre wikiteksten]

Alle spora skrivne av Don Van Vliet og publisert av Flamingo Music.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Tarotplane»19:08
2.«Kandy Korn»8:07
Side to
Nr.TittelLengd
1.«25th Century Quaker»9:50
2.«Mirror Man»15:46

The Mirror Man Sessions[endre | endre wikiteksten]

I 1999 gav Buddha Records ut albumet på ny med tittelen The Mirror Man Sessions,[13] og med ei utvida sporliste og eit hefte på 12 sider som forklarer historia kring innspelinga. Dei ekstra spora er henta frå den same innspelinga, og gjev derfor eit innhald som er nærmare det originale konseptet til Brown Wrapper. Andre spor frå desse innspelingane er òg blitt gjevne ut som bonusspor på 1999-utgåva av Safe as Milk.

Nr.TittelLengd
1.«Tarotplane»19:08
2.«25th Century Quaker»9:50
3.«Mirror Man»15:46
4.«Kandy Korn»8:06
5.«Trust Us» (Take 6)7:14
6.«Safe as Milk» (Take 12)5:00
7.«Beatle Bones n' Smokin' Stones»3:11
8.«Moody Liz» (Take 8)4:32
9.«Gimme Dat Harp Boy»3:32

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Barnes, p. 46
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Barnes, p. 48
  3. 3,0 3,1 Barnes, p. 156
  4. 4,0 4,1 Barnes, p. 46
  5. 5,0 5,1 5,2 Barnes, p. 47
  6. Barnes, p. 61
  7. Barnes, p. 62
  8. Mason, Stewart. AllMusic review
  9. French, p. 785
  10. Allmusic review
  11. Bangs, Lester (1. april 1971). «Mirror Man» review for Rolling Stone. Accessed at beefheart.com Arkivert 2010-02-18 ved Wayback Machine..
  12. Barnes, p. 358
  13. Mirror Man av Captain BeefheartAllmusic