Miruts Yifter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Miruts Yifter
Olympic Games 1980 - 5000 m race.jpg
Miruts Yifter (191), mellom Suleiman Nyambui og Kaarlo Maaninka, under 5000 m ved Sommar-OL 1980
Fødd 15. mai 1944
Adigrat
Død

22. desember 2016
Toronto

Yrke langdistanseløpar
Miruts Yifter på Commons

Miruts Yifter (15. mai 194423. desember 2016) var ein etiopisk friidrettsutøvar, fødd i Adigrat i provinsen Tigray, som vann to gullmedaljar ved Sommar-OL 1980 og elles sigra på 5 000 og 10 000 m i ei rekke store meiserstakp og stemne.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Yifter var heilt ukjend for friidrettsverda då han under Sommar-OL 1972 i München tok bronsemedaljen på 10 000 meter. Saman med den belgiske sølvvinnaren Emiel Puttemans var han den einaste som heldt fylgje inn til mål då Lasse Virén spurta inn til verdsrekord og Yifter sette personleg rekord på 27.40,9. Året etter vann Yifter milløpet i Afrika-leikane i Lagos og vart nummer to på 5000 m.

Yifter deltok ikkje i Sommar-OL 1976, då mange afrikanske land boikotta leikane. Både i 1977 og 1979 vann han begge langdistansane 5 000 m og 10 000 m under verdscupen i friidrett, i høvesvis Düsseldorf og Montreal. I Düsseldorf sette han personleg rekord på 5 000 m med 13.13,8. Også under den fyrste afrikamesterskapen i friidrett i Dakar i 1979 triumferte han på begge langdistansane.

Under sommarleikane 1980 i Moskva vann Yifter 10 000 meter etter ein fantastisk sluttspurt. 300 meter frå mål krumma han nakken og sprang frå resten av tetfeltet og kom mål 1,6 sekund framom Kaarlo Maaninka frå Finland. Fem dagar seinare spurta han inn til siger på 5 000 meter, seks tidels sekund framom Suleiman Nyambui frå Tanzania.

Yifter døydde i Toronto i Canada.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]