Mishmar David
Mishmar David | |||
fellesbusetnad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Shephelah | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Gezer | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1948 | ||
- Grunnlagd av | rumenske immigrantar | ||
![]() Mishmar David | |||
Wikimedia Commons: Mishmar David | |||
Mishmar David (hebraisk skrift מִשְׁמַר דָּוִד, tyder 'Davids vakt') er ein fellesbusetnad sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah nær Mazkeret Batya og høyrer til Gezer regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 197. I 2003 vart han den første kibbutzen som vart privatisert.[1]
Historie[endre | endre wikiteksten]
Landsbyen vart grunnlagd som ein kibbutz i 1948 av Holocaust-overlevande frå Romania og tidlegare soldatar,[1] og vart kalla opp etter David Marcus, ein amerikansk oberst som hjelpte Israel under den arabisk-israelske krigen i 1948 og som seinare vart den første generalen i landet. Han vart grunnlagd på land som høyrte til den avfolka palestinske landsbyen Khulda. I 1970-åra tok kibbutzen i mot fleire immigrantar frå Storbritannia. Hovudnæringa var basert på dyrkinga av mais, avokado og druer, i tillegg til ei trykkpresse.
Den kollektive livsstilen gjekk tilbake i 1990-åra. Matsalen til kibbutzen vart stengd i 1994, og i 1999 vart systemet med å bli betalt etter behov avskaffa. I 2003 stemnde 50 personar for og berre ein i mot,[2] og staden vart han omgjort til ein fellesbusetnad, som den første kibbutzen i Israel. Kibbutzen hadde gjeld på 18 million britiske pund,[1] og selde landområde for å få bygd 350 bustadhus, medan resten av landområdet vart gjeve attende til staten. Kvar kibbutzmedlem fekk aksjar i trykkeriet.[1]
Ei arkeologisk utgraving i 2006 avdekte ein gammal omajade-busetnad som dekte seks mål i Mishmar David.[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Mishmar David» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Pioneering dream ends as kibbutz goes private The Guardian, 6. mai 2001
- ↑ Socialism's Last Stand Commentary Magazine, March 2002
- ↑ Evidence of ancient settlement uncovered in IAA excavations at Mishmar David, 3. desember 2006