Mishmarot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°29′10″N 34°59′1″E
Mishmarot
landsby
Mishmarot entrace sign 01.jpg
Skilt ved inngangen til kibbutzen
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Sharonsletta
Distrikt Haifa distrikt
Kommune Menashe
Koordinatar 32°29′10″N 34°59′1″E
Folketal 258
Grunnlagd oktober 1933
 - Grunnlagd av = Latviske, litauiske og russiske jødar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mishmarot

Mishmarot (hebraisk skrift מִשְׁמָרוֹת) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg like ved byen Pardes Hanna-Karkur og høyrer til Menashe regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 258. Han ligg kring 50 meter over havet nær landsbyane Ein Shemer og Kfar Glickson.

Landsbyen vart grunnlagd i oktober 1933, under Sukkot, av emigrantar frå Russland, Litauen og Latvia, på landområde som Jewish National Fund eigde. Namnet kjem frå ein gard på Krimhalvøya der grunnleggjarane fekk opplæring, kalla Mishmar.[1] Kjende innbyggjarar har vore Shalom Hanoch og Meir Ariel.

Før Staten Israel vart grunnlagd, var Mishmarot heimstad til løynde Fosh og Military Industries-basar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vilnai, Ze'ev (1977). «Mishmarot». Ariel Encyclopedia. Volume 5. Tel Aviv i Israel: Am Oved. s. 4924–4925.  (he)
  2. HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 651. ISBN 965-448-413-7.  (he)