Misjonskollegiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Misjonskollegiet, eigentleg Collegium de cursu evangelii promovendo, var eit dansk-norsk misjonsdepartement oppretta 1714 med tanke på misjon i India, men som alt frå starten òg fekk i oppgåve å drive misjon blant samane i Nord-Noreg. Sidan fekk misjonskollegiet òg ansvaret for misjonen på Grønland. Misjonskollegiet hadde sjølvstendig kollegial status fram til 1771, då det av Struensee vart underordna kanselliet.

Misjonskollegiet vart oppretta som følgje av dei pietistiske strøymingane som rådde i regjeringstida til Fredrik IV. Samstundes var etableringa motivert av ønsket om å styrke styremaktene sin kontroll over heile kongeriket. Kollegiet vart oppretta 10. desember 1714 med ansvar for heidningemisjonen i Trankebar i India, eit arbeid som var oppretta i 1705.

Misjon blant samane[endre | endre wikiteksten]

Gjennom kongeleg instruks av 19. april 1715 vart Misjonskollegiet også det leiande organet for misjonsarbeidet blant samane i Noreg. Dette arbeidet vart dei første 10-12 åra leidd av Thomas von Westen.

Som ein startkapital fekk Misjonskollegiet ei kongeleg løyving på 2000 riksdalar , dessutan fekk kollegiet oveta dei 1000 riksdalar kyrkjene i Finnmark hadde i kapital. Vidare vart det i 1716-1718 bestemt at alle hovudkyrkjer i landet skulle gje 2 riksdalar årleg til misjonsarbeidet i Finnmark, annekskyrkjene skulle gje 1 riksdalar årleg. Dessutan skulle inntektene av kyrkjene på Helgeland gå til misjonen. I 1720 vart også inntektene frå kyrkjene i Vesterålen, Salten og Lofoten tillagt misjonen. Dei viktigaste inntektene til kyrkjene kom frå bygslinga av dei gardane kyrkjene åtte i distriktet.

Etter at misjonskollegiet vart underlagt kanselliet, vart jordeigedommane desse kyrkjene åtte overførte til Det Nordlandske Kirke- og Skolefond, som sidan har gått inn i Opplysningsvesenets fond.

Misjonskollegiet hadde tilsette misjonærar og lærarar, og det dreiv skular og kyrkjer i samiske område.

Noreg var inndelet i på det meste 13 misjonærdistrikt:

  • Aust-Finnmark (misjonærar i arbeid frå 1716-1808)
  • Vest-Finnmark (misjonærar i arbeid frå 1716-1747)
  • Porsanger (misjonærar i arbeid frå 1716- ca 1805)
  • Skjervøy og Kvænangen (misjonærar i arbeid frå 1718-1814)
  • Karlsøy, Lyngen og Ulsfjord (misjonærar i arbeid frå 1718-1789)
  • Senja og Vesterålen (misjonærar i arbeid frå 1718-1788)
  • Lødingen (misjonærar i arbeid frå 1721-ca 1814)
  • Saltdalen (misjonærar i arbeid frå 1721-1780)
  • Gildeskål (misjonærar i arbeid frå 1721- 1779)
  • Rana (misjonærar i arbeid frå 1726-ca 1752)
  • Vefsn (misjonærar i arbeid frå 1717-1771)
  • Overhalla (misjonærar i arbeid frå 1721-1803)
  • Snåsa (misjonærar i arbeid frå 1719- 1774)

Etter 1814[endre | endre wikiteksten]

Etter 1814 vart eigedommane Misjonskollegiet åtte i Noreg, overførte til Det nordlandske kyrkje- og skulefond. I Danmark heldt misjonskollegiet fram sitt arbeid til det vart gjekk inn i 1859.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

  • Adolf Steen: Samenes kristning og finnemisjonen til 1888 Egedeinstituttet, Oslo (1954)