Misplaced Childhood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Misplaced Childhood
Studioalbum av Marillion
Utgjeve 17. juni 1985
Innspelt Hansa Tonstudio, Vest-Berlin, mars - mai 1985
Sjanger Progressiv rock, neo-progressiv rock, poprock
Lengd 41:16
Selskap EMI UK
Capitol U.S.
Produsent Chris Kimsey for Wonderknob Ltd.
Kritikk

Q 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg

Marillion-kronologi
Real to Reel
(1984)
Misplaced Childhood Brief Encounter
(1986)


Misplaced Childhood er det tredje studioalbumet til det neo-progressive rockebandet Marillion. Det kom ut i 1985 og er det besteseljande albumet deira. Det nådde førsteplassen på albumlista i Storbritannia i juni 1985 og låg i alt 41 veker inne på lista.[2]

Albumet inneheld to av dei mest kjende singlane til bandet, «Kayleigh», som nådde andreplassen i Storbritannia og gjorde det godt òg elles i verda, og "Lavender", som nådde femteplassen i Storbritannia. Fish var kjæraste med ei jente som heitte Kay Lee på denne tida og Kayleigh var ein song som stort sett handla om henne.

Misplaced Childhood var det første fullstendige konseptalbumet til bandet, og består av to kontinuerlege musikkstykke på side to av vinylplata. På konsertar bandet heldt før albumet kom ut, sa Fish opphavleg at det neste albumet deira berre ville inneheld to spor, 'Side ein' og 'Side To'. Under Misplaced Childhood-turneen annonserte Fish at «No er det tid for ein song til... songen heiter 'Misplaced Childhood'», og bandet spelte heile albumet i sin heilskap.

Soga har tematiske element om tapt kjærleik, brå suksess, godkjenning og tapt barndom, i lag med ein livleg avslutning. I følgje Fish kom han på konseptet i løpet av ein ti timar lang syre-trip.[3] Fleire av songane og titlane inneheld sjølvbiografiske referansar, som «Kayleigh» om tidlegare kjærastar og «I was born with the heart of Lothian» om den tradisjonelle regionen i Skottland - Fish var frå Midlothian.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Pseudo Silk Kimono»    2:14
2. «Kayleigh»    4:03
3. «Lavender»    2:25
4. «Bitter Suite
  • Brief Encounter
  • Lost Weekend
  • Blue Angel
  • Misplaced Rendezvous
  • Windswept Thumb»  
  7:56
5. «Heart of Lothian
  • Wide Boy
  • Curtain Call»  
  4:02
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «Waterhole (Expresso Bongo)»    2:13
7. «Lords of the Backstage»    1:52
8. «Blind Curve
  • Vocal Under a Bloodlight
  • Passing Strangers
  • Mylo
  • Perimeter Walk
  • Threshold»  
  9:29
9. «Childhoods End?»    4:33
10. «White Feather»    2:25
Bonusplate med 1998-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Lady Nina» (Extended 12" Version)  5:50
2. «Freaks» (Single Version)  4:08
3. «Kayleigh» (Alternative Mix)  4:03
4. «Lavender Blue» (Lavender Remix)  4:22
5. «Heart of Lothian» (Extended Mix)  5:54
6. «Pseudo Silk Kimono» (Demo)  2:11
7. «Kayleigh» (Demo)  4:06
8. «Lavender» (Demo)  2:37
9. «Bitter Suite» (Demo)  2:54
10. «Lords of the Backstage» (Demo)  1:46
11. «Blue Angel» (Demo)  1:46
12. «Misplaced Randezvous» (Demo)  1:56
13. «Heart of Lothian» (Demo)  3:49
14. «Waterhole (Expresso Bongo)» (Demo)  2:00
15. «Passing Strangers» (Demo)  9:17
16. «Childhoods End?» (Demo)  2:23
17. «White Feather» (Demo)  2:18

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet toppa lista til lesarane av magasinet Sounds i 1985 for beset album og kom på sjette plass på lista til Kerrang! over årets beste album i 1985.[4] Albumet kom på fjerdeplass på lista til magasinet Classic Rock over dei 30 beste konseptalbuma gjennom tidene.[5] I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock, låg albumet på 17. plass på lista deira over «40 Cosmic Rock Albums». [6]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic Review
  2. David Roberts British Hit Singles and Albums, Guinness World Records Limited
  3. Fish. Misplaced Childhood reissue liner notes, s. 9-10. 1998.
  4. "Readers' Poll 1985", Sounds, 11 januar 1986, s. 19
  5. Classic Rock, mars 2003.
  6. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.