Missa Se la face ay pale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Missa se la face ay pale er skriven av Guillaume Dufay om lag 1450. Messa er skriven som Cantus firmus-messe, bygd over visa Se la face ay pale, som han hadde skrive om lag 1430. Messa er ei av dei første som er skriven over ein verdsleg melodi. Før dette hadde det berre vore gregorianske førelegg.

Tenor i messa er identisk med melodien i visa. Dette tek seg oppatt frå messeledd til messeledd- Nokre gonger delar han opp melodien i tre, slik at delane tek kvar sin del av eit messeledd (til dømes kyrien). Gloria og Credo er så lange at dei tek opp cantus firmus tre gonger kvar. I desse høva tek melodien seg opp i særskilde talforhold: 3:2:1, slik at den siste venda melodien kjem, går han like snøgt som i den opphavlege visa, og like snøgt som dei andre stemmene i satsen. Messa er elles full av talsymbolikk.

Både Credo og Gloria er bygd opp etter prinsippet i ein isorytmisk motett.