Missiloppskytarkøyretøy
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |

Missiloppskytarkøyretøy (engelsk: transportar erector launcher forkorta (TEL) er eit køyretøy med ein integrert plattform som kan bera, lyfta til oppskytestilling og startar eitt eller fleire missil. Slike køyretøy finst for både Bakke-til-luft-missil og Bakke-til-bakke-missil. Tidlegare vart slike missil skotne opp frå faste område, og måtte lastast på lastebilar for transport, noko som gjorde dei meir sårbare for angrep under flytting[1].
Missiloppskytarkøyretøy med radar (engelsk transportar erector launcher and radar, forkorta (TELAR) er den same som TEL, men omfattar òg delar av radarsystem naudsynt for avfyring av bakke-til-luft-missil. Slike køyretøy har evne til å vera autonome, og som i stor grad auka effektiviteten deira. Med denne type system, kan kvart missiloppskytarkøyretøy kjempa sjølvstendig, og treng ikkje støtte frå bataljonen eller andre støttekøyretøy. TEL eller TELAR kan ha ei roterande plattform, som kan brukast til å sikta inn missilane.
Typar[endre | endre wikiteksten]
- Taian TA580/VERT TEKE5380 8×8 Transportar erector launcher (TEL)
- Wanshan WS-51200 16 hjul TLF
- M270 Rakettkastar
- Pinaka rakettkastar
- S-300 TEL med MAZ-7910 8 × 8 hjul lastebil eller MT-T beltetransportkøyretøy
- MAZ-547A/MAZ-7916 - 12 hjul TLF
- MAZ-7917 - 14 hjul TLF
- MZKT-79221 hjul TLF
- ASTROS II 6x6 hjul rakettkastar
- SPYDER
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
- Meillerwagen, tt
- Mobile plattformer
- Rakettanlegg