Missiltorpedobåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Missiltorpedobåt (vanlegvis forkorta MTB) er ein type mindre krigsfartøy. Fartøystypen kjenneteiknast med liten storleik og stor våpenlast. I norsk samanheng kan dei godt reknast for å vere mellomstore. MTB er ei forkorting som historisk sett høyrer heime under 2. verdskrig. Den stod for MotorTorpedoBåt. No står MTB for MissilTorpedoBåt. Fartøya har vorte utstyrte med Penguin rakettar.

Desse fartøya høyrer til den same tradisjonen som båtar som blir kalla FPB (Fast Patrol Boat) eller berre PB (Patrol Boat) på engelsk. Dei har òg blitt kalla torpedobåtar. Noreg var tidleg ute med torpedobåtar og «Rap» som kom i 1873 er rekna som verdas fyrste dedikerte torpedobåt. Etterkvart kom to klassar MTBar på plass. Dei vart kalla 1. klasse og 2. klasse. Dei fekk klengenamnet Sigar-klassen på grunn av at dei såg ut som sigarar. Andre klassar norske MTBar er D-klassen, ELCO-klassen, Rapp-klassen, Tjeld-klassen (òg kalla NASTY-klassen), Snøgg-klassen, Storm-klassen, Hauk-klassen og Skjold-klassen.

MTBar har som taktikk å nytte kysten som skjul og å heile tida ha kontroll på kvar fienden er utan å verte oppdaga. Angrep skjer raskt og overraskande før båtane trekkjer seg attende. Dei norske MTBane er mellom dei få kampfartøya som skremmer dei største slagskipa under NATO-øvingar. Grunnen til det er at når dei store fartøya opererer nær opp til norskekysten veit dei at det finst våpen og personell som følgjer dei utan at dei har ein sjanse til å sjå kvar og når eit åtak vil kome. MTBane har tradisjonelt vore det raskaste som rører seg på kysten, og Skjold-klassen er rekna for å vere verdas raskaste krigsskip.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]