Misteltein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Misteltein


Blømande misteltein.
Blømande misteltein.

Systematikk
Rike: Plantae
Orden: Santalales
Familie: Santalaceae
Slekt: Viscum
Art: V. album
Vitskapleg namn
Viscum album

Misteltein (Viscum album) er ein parasittplante i mistelteinfamilien.

Planten er ein gaffelgreina busk med motsette blad som er læraktige og vintergrøne. Han har små og gulgrøne blomar som høyrer til hann- eller hoplantar. Frukta er kvitlege, klebrige bær som blir spreidde med fuglar.

Misteltein i eit tre.
Nærbilde av misteltein på greiner.
Foto: David Monniaux

Misteltein veks vanlegvis innimellom greinane på ulike tre, i Mellom-Europa snyltar både på lauvtre og bartre, i Noreg berre på lauvtre, mest på lind og løn, sjeldnare på rogn, villapal og bjørk.

Planten snyltar på trea ved å senda rotliknande skot gjennom barken og inn i veden, og kan hemma voksteren av desse viss han vert stor.

Misteltein veks i visse avgrensa område i Noreg: Berre ved Oslofjorden, på Jeløya og på vestsida frå Sem til Horten og nordover til Hurumlandet. Misteltein er den planten som har vore freda lengst i Noreg. Planten vart freda i heile landet i 1956 og var den einaste freda planten i Noreg heilt fram til 1981. Før han vart freda, var misteltein svært populær som julepynt i Noreg.

Misteltein i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Ein har rekna misteltein som ein heilag plante sidan oldtida. Ein meinte han kunne bringa lukke og lækja sjukdommar. Han har vore brukt til pynt ved jul og nyttår fleire stader. I engelsktalande land finst til dømes skikken med å kyssa folk ein møter under ein opphengd mistelteinbunt.

I nordiske gudesagn var det ei pil av misteltentre som drap Balder. Planten var den einaste skapningen mor hans ikkje hadde bede om å skåna han.

Teikneseriane om Asterix speler på den gamle trua om krafta til planten, og druidar som Miraculix klatrar ofte opp i eiketre for å skjera misteltein med sigd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Misteltein

Kjelder[endre | endre wikiteksten]