Misty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Misty
Singel av Johnny Mathis
frå albumet Heavenly
B-side «The Story of Our Love»
Utgjeve September 1959
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Johnny Burke, Erroll Garner
Johnny Mathis-kronologi
«Small World»

(1959)

Misty «The Best of Everything»

(1959)


«Misty» er ein jazzstandard skriven i 1954 av pianisten Erroll Garner. Han vart opphavleg skriven som ein instrumental i den tradisjonelle 32-taktsforma og først spelt inn for Garner-albumet Contrasts i 1955. Johnny Burke skreiv seinare ein tekst til melodien og han vart ein signaturlåt for Johnny Mathis, og var med på albumet hans Heavenly frå 1959. Songen nådde 12. plassen på poplista i USA seinare det året. Country- og popsongaren Ray Stevens nådde 14. plassen i USA med ein versjon av «Misty» i 1975 på Billboard Hot 100. Songen har blitt spelt inn mange gonger, mellom anna i versjonar av Frank Sinatra, Ella Fitzgerald og Sarah Vaughan.

Johnny Mathis-versjoonen[endre | endre wikiteksten]

Johnny Mathis hadde høyrt Erroll Garner spele songen, og fortalte han at han ønskte å syngje songen om Garner fekk skrive ein tekst for han. Garner var til stades då Mathis seinare spelte inn songen.[1]

Sjølv om det alt var gjeve ut fleire versjonar,[1] populariserte Mathis-versjonen frå 1958 denne nesten ukjende Garner-songen og inspirerte Clint Eastwood til å bruke songen i filmen hans Play Misty for Me, ein lågbudsjettsfilm som vart ein storseljar. Eastwoord, som var fan av Mathis, enda opp med å betale ein liten sun for Garner-innspelinga i filmen. Mathis-innspelinga av «Misty» selde over to millionar eksemplar berre i USA.

Songen er mest knytt til Mathis, trass i mange innspelingar av andre artistar gjennom åra. Johnny Mathis-versjonen av songen vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 2002. Versjonen hans vart nytta i filmen Silver Linings Playbook i 2012.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1959–60) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 12

Ray Stevens-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Misty
Singel av Ray Stevens
frå albumet Misty
B-side «Sunshine»
Utgjeve April 1975
Sjanger Country
Selskap Barnaby
Låtskrivar(ar) Erroll Garner
Ray Stevens-kronologi
«Moonlight Special»

(1974)

Misty «Indian Love Call»

(1975)


I 1975 gav Ray Stevens ut ein livleg country-versjon av songen. Songen er tittelsporet på det tolvte studioalbumet hans. Stevens sa at songen vart spelt inn på det andre forsøket, då han eksperimenterte i studioet. Versjonen hans vann ein Grammy i kategorien årets musikkarrangement.[2]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Austerriksk Topp 40 11
Den australske singellista 5
Canada - RPM Hot Country Singles 2
Canada - RPM Top Singles 15
Canada - RPM Hot Adult Contemporary Tracks 6
Euro Hit 50 9
Irland 2
New Zealand 11
Sør-Afrika 5
UK 2
U.S. Billboard Hot Country Singles 3
U.S. Billboard Hot 100 14
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 18

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Australia [3] 39
Canada RPM Top Singles [4] 135
New Zealand [5] 28
UK [6] 23
U.S. Billboard Hot 100 [7] 91

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Misty» har blitt spelt inn mange gonger, av artistar som:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]