Misurinavatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Misurinasjøen
innsjø
Lago di misurina.jpg
Land Flag of Italy.svg Italia
Område Cadore
Høgd over havet 1 754 moh
Areal km²
Middeldjupn m
Kystlengd1 2,6 km
Koordinatar 46°34′55″N 12°15′14″EKoordinatar: 46°34′55″N 12°15′14″E
Wikimedia Commons: Lake Misurina
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Misurinavatnet, eller Misurinasjøen er ein innsjø i Cadore-området i Italia, 1 754 meter over havet. Innsjøen høyrer til kommunen Auronzo di Cadore i Belluno-provinsen. Omkrinsen til innsjøen er 2,6 km, medan han er 5 meter djup. Nær innsjøen ligg om lag 10 hotell. Området rundt innsjøen er kjend for særleg frisk luft for folk med pusteproblem. Nær innsjøen ligg det derfor eit senter for born med astma.

Under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo vart skøyteløpa halde på Misurinavatnet. Dette vart dei siste olympiske leikane der skeisetevlingane vart halde på naturleg is.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]