Mitch Mitchell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mitch Mitchell
Mitch Mitchell.png
Verkeleg namn John Mitchell
Fødd 9. juli 1947
Ealing i Middlesex i England
Død 12. november 2008 (61 år)
Portland i Oregon
Instrument trommer, vokal, Perkusjon
Sjanger Rock, psykedelisk rock, hardrock, jazz-fusion
Aktive år 1966–2008
Tilknytte artistar The Coronets, Johnny Harris and the Shades, The Pretty Things, Georgie Fame, The Riot Squad, The Jimi Hendrix Experience, Gypsy Sun and Rainbows, Gypsy Sun Experience, The Dirty Mac, Ramatam, The Who

John «Mitch» Mitchell (9. juli 194712. november 2008) var ein engelsk trommeslagar, mest kjend for tida si i The Jimi Hendrix Experience.

Han vart rekna som ein av dei leiande trommeslagarane i siste delen av 1960-åra og tidleg på 1970-talet. Mitchell hadde bakgrunn som jazz-musikar og var kjent for den dynamiske spelestilen sin, inspirert av musikarar som Elvin Jones, Philly Joe Jones og Art Blakey.

Jimi Hendrix Experience[endre | endre wikiteksten]

Mest kjend er han som medlem av trioen The Jimi Hendrix Experience, saman med Jimi Hendrix (gitar) og Noel Redding (bass). Her spelte han mellom anna trommer på songane «Manic Depression» og «Third Stone from the Sun». Som rockemusikar var han inspirert av Keith Moon, noko som tydeleg kjem tilsyne på «All Along the Watchtower».

Mitch Mitchell spela samanhengande med Hendrix frå oktober 1966 til sommaren 1969. Han deltok òg saman med Hendrix under Woodstock-festivalen i august 1969 og deretter i Hendrix sitt Cry of Lovei 1970. Ofte spela Hendrix i studio berre saman med Mitchell, og lét dei andre musikarane leggje på bidraga sine seinare.

The Dirty Mac[endre | endre wikiteksten]

11. desember 1968 spela han saman med John Lennon (gitar, song), Keith Richards (bass) og Eric Clapton (gitar) på The Rolling Stones Rock and Roll Circus som supergruppa The Dirty Mac. Dei spelte først «Yer Blues», og så «A Whole Lotta Yoko» med Yoko Ono (song) og Ivry Gitlis (fiolin).

Ein samspelt trommis[endre | endre wikiteksten]

Mitch fekk i 1970 tilbod om å spele trommer for Keith Emerson og Greg Lake, i gruppa som skulle framstå som trioen ELP, men valde å halde fast ved samarbeidet med Jimi Hendrix. Etter Hendrix døydde var det Mitch som sørgde for å få ferdigstilt dei attverande innspelingane med Hendrix, som førde til utgjevinga av Cry of Love og Rainbow Bridge. I 1972 var han studiomusikar for Mike Vernon og for Muddy Waters. Same år danna Mitchell saman med gitaristen April Lawton og bassisten Mike Pinera gruppa Ramatam. Desse spela inn berre eit album, men fungerte på fleire konsertar som oppvarmingsband for Emerson, Lake & Palmar. I 1973 opptredde han i jammebandet Free Creek med Todd Rundgren (gitar), Delaney Bramma, Linda Ronstadt (song), Dr. John (piano), Keith Emerson (keyboard), Chris Wood (fløyte), og mange fleire. Samspelet i New York resulterte i albumet «Music From Free Creek»

2008 Experience Hendrix[endre | endre wikiteksten]

Mitch Mitchell har òg spela med Terry Reidd, Jack Bruce og Jeff Beck. I dei seinare åra levde Mitchell eit tilbaketrekt og stille liv i Europa, men kom fram i lyset igjen gjennom deltakinga si i USA-turneen 2008 Experience Hendrix saman med musikarane Buddy Guy, Eric Johnson og Brad Whitford (frå Aerosmith).

I følgje rapporten frå politiet i Portland døydde Mitch Mitchell i 2008 av heilt naturlege årsaker.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]