Mitokondrium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjematisk teikning av ei typisk dyreselle. Organellane er (1) nukleol (2) sellekjernen (3) ribosom (4) vesikkel (5) ru endoplasmatisk retikulum (ER) (6) golgiapparatet (7) selleskjelettet (8) glatt ER (9) mitokondrium (10) vakuol (11) cytoplasma (12) lysosom (13) centriol
To mitokondrium frå lungesellene til eit pattedyr

Mitokondrium er organellen som syt for energien i dei aller fleste eukaryote sellene. Bakteriar og arkar (prokaryotar) har ikkje mitokondrium, og nokre tusen kjende einsella eukaryotar («arkezoar») har heller ikkje mitokondrium i vanleg form; i hovudsak parasittar (til dømes Giardia). Ein eukaryot organisme i Monocercomonoides saknar mitokondrium i det heile.[1]

Ein av dei mest aksepterte teoriane for opphavet til mitokondria er at dei kjem frå ei hending der ein bakteria hamna inni ein annan einsella organisme (gjerne ein arke) og at dei byrja leva i eit gagnande samliv. Denne bakterien utvikla seg etter kvart til mitokondrium slik ein kjenner dei i dag.

Mitokondrium har eige DNA, noko som stør hypotesen om at dei ein gong var bakteriar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Karnkowska, Anna; Vacek, Vojtěch; Zubáčová, Zuzana; Treitli, Sebastian; Petrželková, Romana; Eme, Laura; Novák, Lukáš; Žárský, Vojtěch; Barlow, Lael; Herman, Emily; Soukal, Petr; Hroudová, Miluše; Doležal, Pavel; Stairs, Courtney; Roger, Andrew; Eliáš, Marek; Dacks, Joel; Vlček, Čestmír; Hampl, Vladimír. «A Eukaryote without a Mitochondrial Organelle» (PDF). Current Biology 26: 1–11. doi:10.1016/j.cub.2016.03.053. Henta 11. september 2016. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.