Mitrokhin-arkivet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
KGB sitt emblem

Mitrokhin-arkivet er ei samling notat sjefarkivaren i KGB, Vasilij Mitrokhin, tok medan han var i teneste hjå etterretningsorganisasjonen og det hemmelege politiet i Sovjetunionen.

Mitrokhin fekk i 1972 ansvar for å flytta KGB sitt arkiv frå Lubjanka til ei ny bygning i Jasenevo sørvest for Moskva.[1] Arkivet omfatta 300 000 mapper. Mitrokhin kopierte opplysningar frå KGB-dokument frå mellomkrigstida og framover til han vart pensjonist i 1984.[2]

Mitrokhin overlét arkivet til britisk etterretningsteneste og busette seg i London i 1992. Saman med historikaren Christopher Andrew gav Mitrokhin ut fleire bøker basert på materialet. I 2014 vart arkivet gjort tilgjengeleg for ålmenn bruk av Churchill Archives Centre ved University of Cambridge.[3]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Andrew, Christopher; Vasili Mitrokhin (1999). The Sword and the Shield: The Mitrokhin Archive and the Secret History of the KGB. Basic Books. ISBN 0-465-00310-9. 
  • Andrew, Christopher, Vasili Mitrokhin (1999). The Mitrokhin Archive: The KGB in Europe and the West. Allen Lane. ISBN 0-7139-9358-8.
  • Andrew, Christopher; Vasili Mitrokhin (2000). The Mitrokhin Archive: The KGB in Europe and the West. Gardners Books. ISBN 0-14-028487-7. 
  • Andrew, Christopher, Vasili Mitrokhin (2000). The Sword and the Shield: The Mitrokhin Archive and the Secret History of the KGB. Basic Books. ISBN 0-465-00312-5.
  • Vasiliy Mitrokhin (2002). KGB Lexicon: The Soviet Intelligence Officer's Handbook, Frank Cass. ISBN 0-7146-5257-1
  • Andrew, Christopher, Vasili Mitrokhin (2005). The Mitrokin Archive II: The KGB and the World. Allen Lane. ISBN 0-7139-9359-6.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Mitrokin Archive – A Note on Sources» (engelsk). Woodrow Wilson International Center for Scholars. Henta 12. august 2014. 
  2. «I 12 år noterte han KGB-arkivet på små lappar og smuglet det ut i skoa» (norsk). Dagbladet. 8. august 2014. Henta 12. august 2014. 
  3. «Mitrokhin’s KGB archive opens to public» (engelsk). University of Cambridge. 7. juli 2014. Henta 12. august 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]