Mittageisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mittageisen
Singel av Siouxsie and the Banshees
B-side «Love in a Void»
Utgjeve September 1979
Innspelt 1978
Sjanger Post-punk
Lengd 3:00
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar)
Produsent
    • Nils Stevenson
    • Mike Stavrou
Siouxsie and the Banshees-kronologi
«Playground Twist»
(1979)
Mittageisen «Happy House»
(1980)


«Mittageisen» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Han kom ut på debutalbumet deira The Scream i 1978 som «Metal Postcard (Mittageisen)». Songen vart spelt inn på ny i 1979, denne gongen med tekst på tysk, og gjeven ut på singel i Vest-Tyskland med «Love in a Void» som B-side. Seinare i september det året vart singelen gjeven ut i Storbritannia av plateselskapet Polydor.

Innhald og omslag[endre | endre wikiteksten]

Tittelen «Mittageisen» er eit ordspel basert på dei tyske orda «Mittagessen» (middag eller lunch) og Eisen («jarn»). Tittelen var inspirert av fotocollagen til den antinazistiske tyske kunstnaren John Heartfield kalla Hurrah, die Butter ist Alle![1] som òg vart nytta som omslag til singelen.

Denne fotocollagen vart først nytta på framsida av det tyske magasinet Arbeiter-Illustrierte-Zeitung den 19. desember 1935. Kunstnaren var eit tidleg medlem av Club Dada, som vart skipa i 1916 av Cabaret Voltaire i Zürich. Biletet med tittelen «Hurrah, die Butter ist Alle! / Hurra, smøret er ferdig!» syner ein familie som et forskjellige bitar av metall. Årsaka til biletet var eit sitat frå Hermann Göring: «Jarn gjer alltid ein nasjon sterk, smør og smult gjer berre folk feite».

Låtskriving og innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Mittageisen» vart skriven av Siouxsie Sioux, John McKay, Kenny Morris og Steven Severin. Teksten vart omsett til tysk av manageren Dave Woods og ei kvinne kalla Renate. Singelenv ar dedisert til John Heartfield.[2]

B-sida, «Love in a Void», vart skriven av Severin og den tidlegare Banshees-gitaristen Peter Fenton. Sporet var ein tidleg konsertfavoritt og var den første songen dei spelte for John Peel, spelt inn seint i november 1977. «Love in a Void» var ikkje blitt spelt inn for Polydor før han vart gjeven ut.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Mittageisen» kom ut i september 1979 som ein singel i Storbritannia på Polydor Records. Plata vart marknadsført som ei dobbel A-side då han kom ut, men berre «Mittageisen» gjekk inn på UK Singles Chart, der han nådde 47. plassen.[3] Likevel var det «Love in a Void»—men ikkje «Mittageisen»—som vart med på samleplata Once Upon a Time: The Singles i 1981, som bestod av alle A-sidene deira til då, og på den seinare ommastra utgåva av Join Hands. «Mittageisen» kom seinare ut på B-side-samlinga Downside Up.

I popkulturen[endre | endre wikiteksten]

«Mittageisen» vart både covra og sampla av Massive Attack som «Superpredators (Metal Postcard)» i 1997 for filmmusikken til filmen The Jackal.[4]

B-sida «Love in a Void» vart kraftig sampla av rapperen Akala i ein versjon kalla «Love in my Eyes» på albumet Freedom Lasso i 2007.[5] «Love in a Void» vart òg spelt av metal-bandet Darkthrone på EP-en Too Old Too Cold i 2006, og vart nytta i filmen 20th Century Women i 2016.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle spor produserte av Nils Stevenson og Mike Stavrou.

7"-singel[6]
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Mittageisen (Metal Postcard)»4:05
2.«Love in a Void»
  • Sioux
  • Morris
  • Severin
  • Pete Fenton
2:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Siouxsie and the Banshees

Teknisk

  • Nils Stevenson – produsent
  • Mike Stavrou – produsent

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[7] 47

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Famous Anti-Fascist Images. John Heartfield's Hurrah, The Butter Is All...». John Heartfield Exhibition. 24. april 2014. Henta 6. april 2020. 
  2. Paytress, Mark (2004). Downside Up. 
  3. «Siouxsie & the Banshees». Official Charts Company. Henta 12. august 2020. 
  4. «massive attack discography - tune info + lyrics - superpredators». inflightdata.com. Arkivert frå originalen 13. juli 2011. Henta 12. august 2020. 
  5. Goddard, Simon (September 2018). «The Restless Native». Q: 42. 
  6. «Mittageisen» (UK 7-inch single). Siouxsie and the Banshees. Polydor Records. 1979. 2059 151. 
  7. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 12. august 2020.