Mitanni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mittanni)
Kart over Levanten kring 1400 f.Kr. som viser kongeriket Mitanni på det største.

Mitanni (transkribert frå hettittisk kileskrift: Mi-ta-an-ni) eller Hanigalbat (assyrisk: Hanigalbat eller Khanigalbat, transkribert frå kileskrift Ḫa-ni-gal-bat) var ein hurrittisktalande stat i nordlege Syria og sørvestlege Anatolia i tida 1500–1300 f.Kr. Det vart grunnlagt av ein indoarisk herskarklasse som kontrollerte ein hovudsakleg hurrittisk folkesetnad. Mitanniriket kom til å bli ei regional makt etter hettittane øydela det amorittiske Babylon[1] og ei rekkje svake og handlingssvake assyriske kongar som hadde skapt eit maktvakuum i Mesopotamia.

I byrjinga var den fremste rivalen til Mitanniriket Egypt under det 18. egyptiske dynastiet. Men etter kvart som det hettittiske riket voks seg mektigare, gjekk Mitanni og Egypt inn i ein allianse for å verne dei felles interessene sine. På makta var på det største på 1300-talet f.Kr. hadde Mitanni utpostar sentrert rundt hovudstaden sin Washukanni. Kvar denne byen nøyaktig låg er i dag ukjend, men kan vere ein til no ikkje undersøkt tell i nærleiken av elven Khabur i Syria, aust for Eufrat. Til sist bukka Mitanni under for det hettittiske riket og seinare frå assyriske åtak, og statusen vart redusert til ein provins innanfor det assyriske riket. Påverknaden til Mitanni er vist i hurrittiske stad- og personnamn, og spreiing av ein særskild keramikktype i Syria og Levanten.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mitanniriket kontrollerte handelsrutene ned elva Khabur til byen Mari og opp elva Eufrat til byen Karkemisj. Ein periode kontrollerte dei òg dei assyriske områda i øvre Tigris og overvatnet frå denne elva ved Ninive, Arbil, Assur og Nuzi. Deira allierte omfatta Kizzuwatnariket i det søraustlege Anatolia; Mukisj som strekte seg mellom Ugarit og Qatna vest for elva Orontes til havet; og Niya som kontrollert austbreidda av Orontes frå Alalakh ned gjennom Aleppo, Ebla, og Hama og til Qatna og Kadesj. I aust hadde dei gode forhold til kassittane.[2] Landet til Mitanniriket i nordlege Syria strekte seg frå Taurusfjella i vest og så langt aust som Nuzi (dagens Kirkuk) og til elva Tigris. I sør strekte det seg frå Aleppo over (Nuhashshe) til Mari ved Eufrat i aust. Senteret var i elvedalen Khabur med to hovudstader, Taite og Washshukanni (kalla høvesvis Taidu og Ushshukana i assyriske kjelder). Heile området gjorde det mogleg å drive jordbruk utan kunstig vatning. Dei dreiv husdyr som kyr, sauer og geiter. Landa var særs lik Assyria i klima og var busett av både stadeigne hurrittar og amorittisktalande (amurru) folkesetnader.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Mitanniriket vart refererte til som Maryannu, Nahrin eller Mitanni av egyptarane, som Hurri av hettittane, og Hanigalbat av assyrarane. Ulike namn synest å ha vorte nytta om kvarandre for det same kongeriket.[3] Hettittiske annalar nemner eit folk kalla Hurri (Ḫu-ur-ri), lokalisert i det nordaustlege Syria. Eit hettittisk fragment, truleg frå tida til Mursili I, nemner ein «konge av hurriane». Den assyrisk-akkadiske versjonen av teksten attgjev «Hurri» som «Hanigalbat». Tushratta, som kallar seg sjølv konge av Mitanni i dei akkadiske Amarnabreva sine til den egyptiske statsadministrasjonen, referer til kongedømet sitt som Hanigalbat.[4]

Egyptiske kjelder kaller Mitanni for nhrn, noko som generelt er uttalt som Naharin/Naharina[5] frå det assyrisk-akkadiske ordet for «elv», samanlikna med Aram-Naharaim. Namnet Mitanni er først dokumentert i ein tekst om dei syriske krigane (ca. 1480 f.Kr.) av den offisielle astronomen og klokkebyggjaren Amememhet som kom tilbake frå eit «utanlandsk land kalla Me-ta-ni» på tida til farao Thutmose I.[6] Felttoget til Naharina som vart annonsert av farao Thutmosis I i byrjinga av styret hans[7] kan faktisk eigentleg ha skjedd i løpet av det lange tidlegare styret til Amenhotep I.[8][9]

Folket[endre | endre wikiteksten]

Etnisiteten til folket i Mitanni er det vanskelig å avgjere sikkert. Ei avhandling om stridsvognhestar av Kikkuli (ein forfattar om hesteskjøtsel) inneheld ei rekkje indoariske ord.[10] Det er foreslått at desse orda var avleidd frå eit framleis udelt indoiransk språk,[10][11] Annan forsking har derimot vist særskilte at det fanst indoariske trekk.[12]

Namna til det mitanniske aristokratiet er ofte av indoarisk opphav, men det er særskild guddomane deira som viser indoariske røter (Mitra, Varuna, Indra, Nasatya), men ein del forskarar meiner at dei er meir direkte i slekt med kassittarane.[13] Språket til vanlege folk var hurrisk språk, verken indoeuropeisk eller semittisk.[14] Hurrittisk er i slekt med urartisk, og begge høyrte til den hurro-urartiske språkfamilien. Det har blitt hevda at ingenting meir kan bli dedusert frå dei noverande kjeldene.[15] Eit hurrisk avsnitt i Amarnabreva – vanlegvis skriven på akkadisk, «fellesspråket» på denne tida – indikerer at kongefamilien i Mitanni òg snakka hurrisk.

Folk med hurriske namn finst over store område i Syria og nordlege Levanten som er openbert utanfor det området av den politiske eininga kjent i Assyria som Hanilgalbat. Det er ingen indikasjonar på at desse personane var knytte til den politiske eininga Mitanni; men det tyske omgrepet auslandshurriter («eksilhurrittar») er blitt nytta. På 1300-talet f.Kr. vart mange bystatar i det nordlege Syria og Kanaan styrt av personar med hurriske og ein del indoariske namn. Om det kan reknast som ein indikasjon på at folkesetnaden i desse bystatane òg var hurittar, er det mogeleg at desse einingane var ein del av ein større stat som delte ein hurrisk identitet. Det er ofte trudd, men utan ei kritisk undersøking av kjeldene. Skilnader i dialekt og regionale ulike religiøse gudeverder (Hepat/Shawushka, Sharruma/Tilla og vidare) peiker til at det eksisterte fleire grupper av hurrisktalande folk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bryce, Trevor (2005): The Kingdom of the Hittites. Oxford University Press. s. 98.
  2. Roaf, Michael: Cambridge Atlas of Mesopotamia maps, s. 134–135.
  3. Astour, Michael C. (april 1972): «Ḫattusilis̆, Ḫalab, and Ḫanigalbat» i: Journal of Near Eastern Studies 31.2 (102–109), s. 103.
  4. Astour, Michael C. (1972), s. 103, noterer Amarnabreva 18:9; 20:17;29:49.
  5. Faulkner, Raymond O. (1962): A Concise Dictionary of Middle Egyptian, Griffith Institute, Oxford, s.135.; Kitchen, Kenneth: Egyptian New Kingdom Topographical lists, University of Memphis, s. 5, nedste avsnittet
  6. Denne teksten til Amememhet, ein form for memoarar, blei utgjeven av Borchardt, L. (1930): «Altägyptische Zeitmessung» i: Basserman-Jordan, E. von: Die Geschichte der Zeitmessung und der Ühre, vol. I. (Berlin/Leipzig), s. 60ff, notert i Astour (1972), s. 104, notane 25,26.
  7. Helck, W. (1969): Oriens Antiquus 8, s. 301, note 41; 302.
  8. Drioton, É. & Vandier, J. (1962): L'Égypte, 4. utg., Paris, s. 396f.
  9. Helck, W. (1969) trur dette var den ekspedisjonen som var nemnt av Amenhotep II.
  10. 10,0 10,1 Drews, Robert (1994): The Coming of the Greeks: Indo-European Conquests in the Aegean and the Near East, Princeton University Press, «Chariot Warfare», s. 61
  11. Kammenhuber, Annelies (1968): «Die Arier im vorderen Orient», Heidelberg: Carl Winter Universistätsverlag, s. 238. På side 238 indikerer forfattaren at dei snakket «noch ungeteiltes Indo-Iranisch».
  12. Mayrhofer, M. (1974): Die Arier im Vorderen Orient – ein Mythos? Sitzungsberichte der Oesterreichischen Akademie der Wissenschaften 294,3, Wien; Mayrhofer, M. (1986–2000): Etymologisches Wörterbuch des Altindoarischen, Heidelberg, bind IV
  13. Roux, Georges (1966): Ancient Iraq, Penguin Books, s. 229.
  14. Roux, Georges (1966): Ancient Iraq. Penguin Books, s. 234.
  15. Speiser, E. A. (1941): Introduction to Hurrian i: American Schools of Oriental Research, New Haven. Annual of the American Schools of Oriental Research, Vol. 20. s. 10.
  • Denne artikkelen bygger på «Mittanni» frå Wikipedia på bokmål, den 16. mai 2014.
  • Dassow, Eva Melita von (1997): Social Stratification of Alalah Under the Mittani Empire. [S.l: s.n.]
  • Gaal, E. (1982): «The economic role of Hanilgalbat at the beginning of the Neo-Assyrian expansion» i: Nissen, Hans-Jörg; Renger, Johannes (red.): Mesopotamien und seine Nachbarn. Politische und kulturelle Wechselbeziehungen im Alten Orient vom 4. bis 1. Jahrtausend v. Chr. Berliner Beiträge zum Vorderen Orient 1, Berlin, Reimer, s. 349–354.
  • Harrak, Amir (1987): «Assyria and Hanilgalbat. A historical reconstruction of the bilateral relations from the middle of the 14th to the end of the 12th centuries BC.» i: Studien zur Orientalistik, Hildesheim, Olms.
  • Kühne, Cord (1982): «Politische Szenerie und internationale Beziehungen Vorderasiens um die Mitte des 2. Jahrtausends vor Chr. (zugleich ein Konzept der Kurzchronologie). Mit einer Zeittafel» i: Nissen, Hans-Jörg; Renger, Johannes (red.): Mesopotamien und seine Nachbarn. Politische und kulturelle Wechselbeziehungen im Alten Orient vom 4. bis 1. Jahrtausend v. Chr. Berliner Beiträge zum Vorderen Orient 1, Berlin, Reimer, s. 203–264.
  • Novák, Mirko (2007): «Mittani Empire and the Question of Absolute Chronology: Some Archaeological Considerations» i: Bietak, Manfred; Czerny, Ernst (red.): The Synchronisation of Civilisations in the Eastern Mediterranean in the Second Millennium BC III, Österreichische Akademie der Wissenschaften Denkschrift Band XXXVII; Wien; ISBN 978-3-7001-3527-2; s. 389–401.
  • Thieme, P. (1960): «The 'Aryan Gods' of the Mitanni Treaties» i: Journal of the American Oriental Society 80, s. 301–317
  • Starr, R.F.S. (1938): Nuzi, London.
  • Weidner (1969): «Assyrien und Hanilgalbat» i: Ugaritica 6
  • Wilhelm, Gernot (1989): The Hurrians, Aris & Philips Warminster

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]