Miksolydisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mixolydisk)

Ein miksolydisk skala er ein skala som høyrer til ein miksolydisk toneart, som er ein av kyrkjetoneartane. Han er identisk med ein durskala med eit senka sjuande trinn. Ein kan òg seie at ein miksolydisk skala er som ein durskala, men med det femte trinnet som grunntone. Til dømes er C-dur alle dei kvite tangentane på klaveret frå ein C til ein C ein oktav over eller under.

Om ein tar G (5. trinn i C-dur) som grunntone og spelar utelukkande på dei kvite tangentane, altså frå G til G, så har ein ein G-miksolydisk skala:

{ g'4 a' b' c'' d'' e'' f'' g'' }

Den miksolydiske tonearten er ikkje så mykje brukt som dur og moll, men vert til dømes nytta i avslutninga av «Hey Jude» av The Beatles.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]