Miye ou Miye
Miye ou Miye | |||
المية ومية | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
guvernement | Sør guvernement | ||
Distrikt | Sidon distrikt | ||
Høgd | 29−208 moh. | ||
Koordinatar | |||
Areal | 2,3 km² | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Retningsnummer | 7 | ||
![]() Miye ou Miye | |||
Wikimedia Commons: Mieh Mieh | |||
Miye ou Miye (arabisk المية ومية) er ein landsby i Sør-Libanon, 5 km aust for [Sidon]] og 45 km sør for hovudstaden Beirut med utsyn over Middelhavet. Landsbyen ligg i ei høgd 156 meter over havet og dekkjer 2,3 kvadratkilometer. Landsbyen grensar til Qraiyeh og Ain El Delb i i aust, Sidon i vest, Haret Saida i nord og Darb es Sim og Zaghdraiya i sør.
Før borgarkrigen i 1985 var det kring 5000 innbyggjarar i landsbyen. Kring halvparten av desse emigrerte til vestlege land, medan ein fjerdedel flytta inn til Beirut. Resten vart verande att i Miye ou Miye. Innbyggjarane er hovudsakleg romersk-katolske (85 %),[1] med nokre få maronittar (7 %), protestantar (6 %) og baptistar (2%).
Historie[endre | endre wikiteksten]
På 1600-talet var Miye ou Miye hovudsakleg jordbruksland eigd av rikefamiliar. På 1700-talet byrja kristne å flytte til landsbyen. I 1985 spreidde den libanesiske borgarkrigen seg til Sør-Libanon, og landsbybuarane flykta til tryggare område lenger sør, medan andre reiste til hovudstaden. Frå der reiste mange til utlandet.
Klima[endre | endre wikiteksten]
Miye ou Miye har eit temperert og typisk middelhavsklima med varme, tørre somrar, og våte, kjølige vintrar. Sommaren varer frå juni til september, med dei høgaste temperaturane i juli og august. På det varmaste når temperaturen i snitt 31 ºC, og stundom høgare i heitebølgjer. Vinteren finn stad frå desember til mars, og i denne peridoen kjem det meste av regnet som kjem her i løpet av eitt år. Temperaturen fell sjeldan under 11 ºC om vinteren.
Miye ou Miye opplever shlūqvindar (òg kalla sjirokko i Europa og Khamaseen i Nord-Afrika). Desse vindane er mest vanlege om hausten og våren. Shlūqvindane fører med seg raudt støv frå Sahara.
Klimadata for Miye ou Miye i Libanon | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
Normal maks. temp. °C | 17 | 18 | 20 | 23 | 26 | 28 | 30 | 31 | 30 | 28 | 23 | 19 | 24,4 |
Normal min. temp. °C | 11 | 11 | 13 | 15 | 18 | 22 | 24 | 25 | 24 | 21 | 16 | 13 | 11 |
Nedbør (mm) | 133 | 114 | 62 | 25 | 13 | 1 | 0 | 3 | 5 | 47 | 94 | 128 |
|
Normal mengd nedbørdagar (≥ 0.25 mm) | 14 | 11 | 10 | 6 | 3 | 0 | 0 | 0 | 2 | 6 | 9 | 13 | 74 |
Kjelde: World Weather Online,[2] |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Miye ou Miye» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.localiban.org/spip.php?article415
- ↑ «World Weather Online». Henta 25. september 2014.