Mizuki Noguchi
Mizuki Noguchi | |
Statsborgarskap | Japan |
Fødd | 3. juli 1978 (45 år) Ise |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Æresmedalje med lilla band |
Mizuki Noguchi (fødd 3. juli 1978) er ein japansk tidlegare langdistanseløpar som i 2004 vart olympisk meister i maratonløping.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Noguchi vart i 1999 nummer to i VM i halvmaraton. Fram til 2004 deltok ho i 24 halvmaratonløp, 14 desse løpa vann ho. I mars 2002 sprang ho i Nagoya sitt fyrste maratonløp, der ho sigra på tida 2.25.35. Året etter vann ho Osaka maraton på 2.21.18. Seinare i 2003 sprang Noguchi inn til VM-sølv under verdsmeisterskapen i Paris/Saint-Denis, med sluttida 2.24.14 kom ho i mål 19 sekundar etter Catherine Ndereba frå Kenya.
I dei olympiske sommarleikane 2004 i Aten vart rollene omsnudd, her sigra Noguchi etter 2 timar 26 og 20 sekundar ute i Aten-gatene. 12 sekundar seinare sprang Catherine Ndereba inn til OL-sølv. Våren 2005 sette Noguchi asiarekord då ho vann Berlin maraton på sterke 2.19.12, hennar livs fortaste maratonløp. I november 2007 vann Noguchi Tokyo maraton på ny løyperekord, 2.21.37, og la der etter opp.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Mizuki Noguchi» frå Wikipedia på tysk, den 26. juni 2019.