Mjåvatnet
| Mjåvatnet | |||
| innsjø | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Nordland | ||
| Kommune | Vefsn | ||
| Høgd over havet | 39 moh. | ||
| Areal | 2,60 km² | ||
| Kystlengd1 | 11,95 km | ||
| Koordinatar | 65°56′42″N 13°25′51″E / 65.94500°N 13.43083°E | ||
![]() Mjåvatnet 65°57′02″N 13°25′40″E / 65.95067°N 13.42789°E | |||
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |||
Mjåvatnet er ein innsjø som ligg i Vefsn kommune i Nordland. Europaveg 6 passerer på vestsida av vatnet gjennom den såkalla Mjåvassbygda. På austsida av Mjåvatnet ligg Mjåvassfjellet.
Mjåvatnet ligg i Fustavassdraget mellom Ømmervatnet og Fustvatnet. Dei øvrige innsjøane i vassdraget er Lille Luktvatn og Luktvatn. Innsjøen er lang og smal, og namnet kjem av at innsjøen er mjå, eller smal. I nordenden munnar elvestykket Strauman ut i Mjåvatnet. Det kjem frå Ømmervatnet. I sørenden ligg utløpselva Straumen, som munnar ut i Fustvatnet. Det er ingen andre større elver som renn ut i Mjåvatnet, men det er ein del bekkar. Den største av dei er Sandørbekken, som renn frå Sandørbekkhola og nedover Mjåvassfjellet mot Mjåvatnet. Dette er eit kjent landemerke i området.
Fiskeslaga i Mjåvatnet er dei same som i Fustvatnet; aure, røye og trepigga stingsild.
Dei fleste bufaste i Mjåvatnet jobbar stort sett i Mosjøen, men det er òg landbruk i området. Sandvik Folkehøgskole ligg òg ved Mjåvatnet.
Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
