Mjølkekake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mjølkekake er ei tefatstor, tynn pannekake. Mjølkekaker vert ofte serverte kalde, samanrulla eller samanbretta med gomme inni.

Mjølkekaka vert steikt på takke av ei tynn røre laga av ei mjølk og ei blanding av kveitemjøl og byggmjøl, dessuten er det vanleg å ha eit egg, litt sukker og litt salt i røra. Mjølkekake er tradisjonsmat blant anna i Vefsn.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Ardis Kaspersen: Tradisjonsbakst fra Helgeland