Mjølkelempar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mjølkelemparar i Pålsböle i FinströmÅland.

Mjølkelemar var ein person som lempa mjølkespanna over frå mjølkerampa til lasteplanet på mjølkebilen, den tida mjølka var levert til meieriet i spann. Der det var liten avstand mellom mjølkerampane vart lemparen ofte ståande på lasteplanet medan sjåføren køyrde til neste rampe. På dette viset vart han ikkje hefta, og ruta kunne gjennomførast snøggare. Men på vinteren og/eller i dårleg vêr var det ikkje alltid så trivsamt å opphalda seg på lasteplanet, og lemparen tok ofte tilflukt i førarhytta. Etter kvart vart det vanleg med overbygde lastebilar, eller kombinertbussar, og då vart arbeidstilhøva for lemparen betre. I bygder med små gardsbruk var det ofte berre ein lempar på kvar bil, men i bygder med mange storgardar kunne det vera to.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]