Mjølkerampe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mjølkeramp ved Lands Museum ved Dokka.

Mjølkerampe er ein liten platting, som var nytta for å plassera mjølkespanna på den tida mjølka vart send i spann til meieriet. Mjølkebilen var ofte ein lastebil med open platt, eller i nokre høve ein kombinertbuss. Rampen hadde om lag same høgd som platten på mjølkebilen, for at det skulle vera lett å lempa spanna over på mjølkebilen. I tillegg til sjåføren var det med ein mjølkelempar, som lempa mjølkespanna over frå mjølkerampen til lasteplanet på mjølkebilen. Mjølkerampane gjekk or bruk då det vart vanleg å henta mjølka med tankbil.

Dei fyrste mjølkerampane hadde ikkje overbygg, men etter kvart vart det vanleg med tre veggar og tak. Mjølkerampane vart bygde i ulik stil i ulike lutar av landet. Til dømes hadde mjølkerampane på Nordmøre ein karakteristisk stil, den sokalla nordmørsstilen[1].

Mjølkerampane vart òg nytta for å levera varer, postkassane var ofte plasserte der og det var vanleg at mjølkerampa fungerte som busshaldeplass. Mjølkerampen var difor ofte eit samlingspunkt, der grannar møttes og slo av ein prat, og ungdomane samla seg av og til der om kveldane.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Melkerampebilder fra Nordmøre Arkivert 2018-11-03 ved Wayback Machine., Adresseavisen, 19/6-2012.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]