Mjellem & Karlsen Verft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Staden Mjellem & Karlsen Verft låg i dag.

Mjellem & Karlsen Verft var eit skipsverft i Bergen, skipa i 1891 av maskinistane Frantz Olav Mjellem og Ole H. Karlsen i strøket Møhlenpris ved Puddefjorden. I 1894 overtok dei Møhlenpris Mekaniske Verksted ved Damsgårdssundet. Karlsen forlet bedrifta i 1909, som så vart omdanna til aksjeselskap med Christian Michelsen og Christopher Kahrs som aksjonærar. Då Mjellem døydde tok sonen Eilert Mjellem over leiinga i 1961, etterfølgd av sonen Frantz Mjellem til 1984.

Verftet spesialiserte seg på bygging av mindre dampskip av jern, og hadde også serviceverkstad. I 1958 sjøsette det havforskingsfartøyet «Johan Hjort» og i 1962 overtok dei Marineholmen. Ein tørrdokk vart teke i bruk i 1966 og ein flytedokk for vedlikehald av ubåtar i 1971. Det meste av verksemda føregjekk utandørs til skipsbyggarhallen vart reist i 1973. I tillegg vart det bygd ein maskinverkstad i 1983. Sidan 1985/1986 hadde Helge Stokke (Svein Hatvik A/S) og Gerda og Eilert Mjellem nær 50 % av aksjane kva, og Marineholmen A/S vart utskilt.

I 1991 kjøpte Mjellem & Karlsen BMV Laksevåg frå Ulsteingruppen. Verftet leverte spesialskip til fleire land. Føretaket gjekk til skifteretten i 2002, fem veker etter at det var kjøpt opp av investoren Carl Fredrik Seim. Restane vart kjøpt av eit nyoppretta Bergen Mekaniske Verksted AS, som seinare endra namn til Bergen Group BMV. På det gamle verftsområdet ved Thormøhlensgate har VilVite-senteret teke over maskinverkstadshallen. Resten av verftsområdet er planlagd nytt til ein nærings- og forskingspark.

Skip bygde ved Mjellem & Karlsen Verft[endre | endre wikiteksten]

Denne lista er diverre ufullstendig. Om du veit meir, kan du hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Nr. Overlevert Namn Type Tonnasje Reiarlag Heimehamn IMO-nummer Anna
1897 DS «Hemnæs» 32 brt Gustav Pleym Hemnæs Forlist 1914
44 1912 DS «Tyssedal» Godsrutebåt 225 brt Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab Bergen Forlist 1977
49 1913 DS «Nordmanden» 153 brt Johan E. Hareide Bergen
51 1914 DS «Nordalsfjord» Lokalrutebåt 295 brt Søndmøre Dampskibsselskab Ålesund Opphoggen 1955
53 1914 DS «Haus» Lokalrutebåt 135 brt Indre Nordhordlands Dampskibsselskab Bergen Ombygd til fraktefartøy 1959. Senka 1984
61 1929 DS «Aalvik» Lokalrutebåt 245 brt Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap Bergen Ombygd til fraktefartøy 1962. Sokk i opplag 1983.
62 1930 MS «Tysnes» Lokalrutebåt 75 brt Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap Bergen Under restaurering som veteranbåt
63 1931 MS «Granvin» Lokalrutebåt 115 brt Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap Bergen 5135159 Aktiv som veteranbåt. Freda
66 1937 MS «Hordaland» Lokalrutebåt 292 brt Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap Bergen 5154923 Forlist 1978
69 1949 MS «Bremnes» Lokalrutebåt 238 brt Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap Bergen 5051391 Seld til utlandet 1978
70 1950 MS «Kvinnherad» Lokalrutebåt 498 brt Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap Bergen 5367219 Aktiv som flytande hotell i Stockholm
77 1955 MF «Kleppestø» Bilferje 292 brt Rutelaget Askøy-Bergen A/S Bergen 6716819 Aktiv som charterbåt
114 1973 MF «Ulvik» Bilferje 488 brt Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap Bergen 7303267 Aktiv
116 1973 MF «Jondal» Bilferje 740 brt Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap Bergen 7368839 Aktiv
117 1975 MF «Stryn» Bilferje 497 brt Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane Bergen 7405936 Aktiv
125 1979 MF «Askøy» Bilferje 1 241 brt Rutelaget Askøy-Bergen A/S Bergen 7805124 Aktiv
128 1979 MF «Michael Sars» Fiskefartøy 690 brt Havforskingsinstituttet Mariehamn 7805136 Aktiv som Skuleskip
135 1985 MF «Herdla» Bilferje 1 974 brt Rutelaget Askøy-Bergen A/S Bergen 8412261 Aktiv

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnar Hagen Hartvedt (2003) Bergen Byleksikon, 4. utg. – Kunnskapsforlaget, Oslo. ISBN 82-573-1036-0.