Mjerma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mjerma i Aurskog-Høland i Akershus er ei elv i Haldenvassdraget som strekkjer seg frå Mjermen i aust til Hølandselva i vest. Elvestrekninga har eit fall på om lag 47 meter frå Bønsdammen ved Mjermen til Hølandselva, og ved Lundsfossen vert fallet utnytta i produksjon av vasskraft. Tidlegare var elva viktig for tømmerfløyting - tømmeret frå Sootkanalen vart ført gjennom innsjøane Setten og Mjermen ned til Mjerma.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Østfold å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.