Mjosundet Båt og Hydraulikk AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mjosundet Båt og Hydraulikk AS
Selskapsformaksjeselskap Sjå dette på Wikidata
Org.nr.987 050 454
Skipa1926
Bransjeskipsbygging
HovudkontorMjosundet Sjå dette på Wikidata

Mjosundet Båt og Hydraulikk AS, tidlegare Mjosundet Båtbyggeri A/L, er eit skipsverft i MjosundetErtvågsøya[1]. Føretaket vart stifta i 1926 av Klaus Ås, og dreiv i mange år med bygging av små trebåtar. Seinare vart det bygd større båtar og i dag er produksjonen konsentrert om aluminiumsbåtar og hydraulisk dekksutstyr. Andre produkt er sidepropellar og frekvensstyrte rulledempingstankar. Føretaket leverer ein stor del av produksjonen til fiskeflåten, men har òg levert til sjøforsvaret. Dei 9 mineryddingsfartøya som vart bygd ved Kværner Mandal, til dømes, er utstyrte med hydraulisk dekksutstyr frå Mjosundet Båt og Hydraulikk.

I byrjinga av 1950-talet utvikla Ås ein ny nate-metode for å binda saman spanta på trebåtar. Etter å ha demonstrert metoden for Det norske Veritas var metoden godkjend. Ås tok patent på metoden, som etter kvart vart utbreidd over heile Noreg[1].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 A.I. Hoem, Skipsbyggingens historie for Kristiansund og Nordmøre, Nordmøre verkstedforening, 1982.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]