Mjølkemaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mjølkemaskin i bruk på ei ku.

Mjølkemaskin er ei maskin som vert nytta for å tømme jura til ulike mjølkegjevande husdyr for mjølk. I industrialiserte land har mjølkemaskiner med separat behaldar - skildra her - stort sett gått ut av bruk og vorte erstatta, fyrst med røyrmjølkeanlegg, og så etter at lausdrifta vart vanleg utover 1990-talet, med mjølkerobotar. Arbeidsprinsippet for desse er det same som for spannmaskinane som er skildra her.

Sverige var eit førgangsland for produksjon og bruk av mjølkemaskinar. Dei to produsentane Manus og Alfa Laval dominerte marknaden etter at brukbare maskiner kom i produksjon frå 1920-talet. På midten av 1930-talet vart 20 % av alle svenske kyr mjølka med maskin, i 1940 ca. 35 % og i 1957 60 %[1]. I Noreg gjekk overgangen til maskinmjølking treigar enn i Sverige. I tillegg til at utviklinga vart forsinka av 2. verdskrigen var den gjennomsnittlege storleiken på bruka mindre enn i Sverige. Det var fyrst i etterkrigstida at overgangen til maskinmjølking skaut fart i Noreg, og då fyrst på dei største gardane. På mange mindre bruk vart det ikkje investert i mjølkemaskin før på 1960-talet.

Arbeidsprinsipp[endre | endre wikiteksten]

Skisse som viser arbeidsprinsippet. Raud farge markerer at det er atmosfærisk trykk i pulseringskammeret; spenegummien klemmer på spenen under denne fasen. Mjølkefasen er markert med kvit farge på innsida av spenegummien.

Mjølkemaskina har ein spenekopp for kvar spene, så mjølkemaskiner for kyr har fire spenekoppar. Det er spenekoppane som dreg mjølka ut av juret. Dei er sett saman av ytre sylindriske behaldarar av metall eller hard plast, med fleksible gummihylser, kalla «spenegummi», innvendig[2]. Rommet mellom spenegummien og den ytre sylinderen blir kalla «pulseringskammeret», medan rommet innvendig i spenegummien blir kalla «mjølkekammeret». Det går to slangar mellom kvar spenekopp og ein «spenekoppsentral» som heng under spenekoppane. Den eine av slangane går frå mjølkerommet og det er denne som fører mjølka ut av spenekoppen. Den andre slangen går mellom pulseringskammeret og ein sokalla «pulsator» via spenekoppsentralen.

Pulsatoren syter for at trykket i pulseringskammeret i spenekoppane vekslar periodisk mellom atmosfæretrykk og eit undertykk på 44-47 kPa[2]. Under atmorfæretrykkfasen blir spenegummien klemt mot spenen, og under denne fasen straumar det ikkje mjølk ut frå spenen[3], men spenen blir massert og blodet som har samla seg i spenen blir fordelt[2]. I neste fase blir lufta sogen ut frå pulseringskammeret, slik at spenegummien ikkje klemmer på spenen. Det er under denne fasen at mjølka straumer ut av spenen og ned i slangen som, via sentralen, går til mjølkespanna, som er stor nok til å ta imot all mjølka frå ei ku. Den rytmisk syklus gjentek seg med ein frekvens på rundt 40 fasar per minutt[2]. Spannet har lufttett lokk og under mjølkinga er det undertrykk i spannet, for at mjølka i mjølkeslangen skal sugast ut. Trykk/undertrukkfasane i dei fire spenekoppane er ute av fase med kvarandre, slik at spenane gjev frå seg mjølk på ulike tidspunkt.

Reinhald[endre | endre wikiteksten]

For å hindra at det kjem møkk og bakteriar i mjølka lyt juret vaskast før spenekoppane blir sett på. Det er òg viktig at alle delane av maskina som kjem i kontakt med mjølka blir grundig reingjorde og desinfiserte i kloroppløysing etter bruk, slik at ein ikkje får bakterievekst[2].

Soge[endre | endre wikiteksten]

På 1800-talet var det i Storbrittania, Sverige og USA fleire mislukka freistnader på å konstruera mjølkemaskiner[1]. I 1862 utførte Stockholm läns hudhållningssällskap i Sverige testar med ei maskin konstruert av L.O. Colvin i USA. Denne maskina hadde hylser som vart tredd over spenane og ei handdriven membranpumpe som skulle suga ut mjølka, men i fylgje [1] fungerte ho dårleg. Maskina hadde ein svensk importør, men det er ikkje kjend at det kom bestillingar på ho. I 1865 produserte føretaket Keiller & Co. nokre eksemplar av maskina til Colvin, men det er ikkje kjend at dei lukkast i å selja dei[1]. I 1891 vart det på Tranbygge utanfor Stockholm gjort forsøk med ei maskin produsert av Nicholson & Gray. Denne maskina hadde to mjølkeorgan og kunne mjølka to kyr samstudndes. Kvart av desse hadde fire spenekoppar. Ho var utstyrt med ei handriven sugepumpe. I fylgje [1] var resultatet av forsøka «ganska positivt», men det er ikkje kjend at ho kom til praktisk nytte.

I 1896 konstruerte svensken Gustaf de Laval ei maskin kalla Laktator, som hong i reimar under kua. De Laval freista å etterlikna handmjølking og maskina hadde mekanisk drivne valsar og trykkplater som skulle pressa mjølka ut or juret. Maskina vart driven av ein stasjonærmotor via ei mekanisk overføring og var svært komplisert. Ho vart bygd av ein av ein av medarbeidarane til de Laval, A. Adolfsen[1]. De Laval, som frå før produserte separatorar, starta eit eige føretak, AB Laktator, for å produsera maskina. Men maskina synte seg å vera ubrukbar, så produksjonen vart nedlagt og AB Laktator vart avvikla. I 1901 eksperimenterte dei svenske ingeniørane Fredrik og Birger Ljungström med ei maskin som òg freista å pressa mjølka ut or juret. Denne maskina vart hydraulisk driven, med vatn under trykk[1]. Ho hong under kua og pumpa vart driven via ein fleksibel ståltråd. Det var fire mjølkeorgan, så maskina var tydelegvis mynta på stordrift. Ein annan svenske, Gustaf Dalen, eksperimenterte òg med ei maskin med plater som skulle pressa mjølka ut spenane[1]. I 1905 inngjekk Ljungström ein avtale med AB Separator og dei stifta eit føretak kalla Mlölkmaskinaktiebolaget, for å produsera og marknadsføra maskina. Produksjonen kom i gang i 1907, men maskina vart ingen suksess og produksjonen vart nedlagt same året. I staden tok dei til å produsera maskina som Dalen hadde konstruert. Med ho vart heller ingen suksess og produksjonen vart stogga i 1910[1]. På denne tida konstruerte ein annan svenske, Ivar Lindström, ei liknande maskin som Ljungström, men i staden for mekanisk/hydraulisk drift vart ho driven med trykkluft[1]. Han stifta òg eit føretak og freista å selja maskina under namnet Omega. I 1909 konstruerte Gustaf Johnson ei mekanisk driven maskin, som anten kunne drivast manuelt eller med ei hestevandring. Det vart stifta eit føretak med namnet AB Mjolkningsmaskinen Manus. Ein annan svenske, Hjalmar Loqvist, eksperimenterte òg på denne tida med ei maskin av trykktypen.

Tidleg på 1900-talet eksperimenterte fyrst Alexander Shiels og så Robert Kenney, begge skottar, men pulserande suging, og i 1903 innførte Alexander Gillis todelte spenekoppar, med spenegummi som skilde spenekoppane. I det indre kammeret var det konstant undertrykk, medan trykket i det ytre kammeret veksla trykket mellom atmosfære- og undertrykk[1]. I staden for å etterlikna handmjølking etterlikna denne metoden måten kalvar syg på.

I Sverige gjennomførte den statlige Maskin- och redskapasprovingsanstalterna i 1909 og 19101 omfattande testar av 26 ulike mjølkemasiner. Resultatet av desse testane var at dei skotske maskinane, som arbeidde etter sugeprinsippet, fungerte mykje betre enn dei svenske trykkmaskinene[1], sjølv om dei ikkje fungerte like godt med handmjølking. Nye testar i 1912 og 1913 stadfesta at sugemaskinane fungerte betre enn trykkmaskinene. Som ei fylgje av desse testane gjekk Manus over til å nytta sugeprinsippet, og i testar utførte i 1013 og 1914 kom Manus best ut. Grunnen til at mange var skeptiske til sugemaskinane var at dei ottast for bakterievekst i slangane (trykkmaskinane sende mjøla rett i ei bøtte, så dei hadde ikkje slangar), men det synte seg snart at slangane kunne haldast bakteriefri ved regelmessig reingjering.

Gustaf de Laval freista på nytt å konstruera ei mjølkemaskin.Denne maskina hadde spenegummi, med pulserande undertrykk på innsida, men med konstant atmosfæretrykk på utsida. Men i 1913 døydde han, før maskina var ferdig. Testar i 1917 synte at maskina fungerte dårleg[1].

Føretaket AB Separator hadde eit dotterselskap i USA, kalla The De Laval Separator Co. Dei tilsette i 1913 Norman John Daysh, som opphavleg var frå New Zealand, der han hadde eksperimentert med å utvikla mjølkemaskiner. Han held fram med dette arbeidet og i 1918 hadde han lukkast med å laga ei maskin som fungerte bra. Denne maskina vart sett i produksjon og i 1918 kom ho i sal i Sverige under namnet Alfa-Laval typ A. Ho hadde spenegummi og separate slangar som styrte det puleserande trykket på utsida av spenegummien, i det som seinare vart kalla pulseringskammeret. Tidlegare maskiner hadde ein pulsator per spenekopp, men typ A hadde berre ei pumpe som genererte undertrykk og ein sentral styringseining, no kalla spenekoppsentralen, som styrte trykket i dei ulike spenekoppane. Denne konstruksjonen vart etter kvart overteken av dei andre produsentane og har gjeve opphav til myta om at det var Gustaf de Laval som fann opp mjølkemaskina. Men de Laval var ikkje lengre i livet då denne maskina såg dagen ljos. Det dukka opp mange fleire produsentar utover 1920- og 1930-talet, men dei to svenske produsentane Manus og Alfa Laval dominerande marknaden langt utover 1900-talet. Ikkje berre i Sverige, men i fleire andre land.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 , Moberg, Harald, A:son, Jordbruksmekanisering i Sverige under tre sekel. Kungl. Skog- och Lantbruksakademien, 1989.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 E. Glemmestad, Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 2. utg., 1974.
  3. K. Hansen, Landbrugets redskaber og maskiner, Det kgl. danske landhusholdningsselskab, 1955.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mjølkemaskin
Spire Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.