Hopp til innhald

Mnemosyne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mnemosyne

MorGaia, Clymene
FarUranos, Zevs
SambuarZevs
BarnKleio, Kalliope, Melpomene, Urania, Evterpe, Terpsikhore, Erato, Polyhymnia, Thalia, Aoide, Melete, Mneme, Thelxinoë, Arche

Mnemosyne (gresk Mνημοσύνη), frå gresk mneme, ‘minne, hugs’) var personifiseringa av minne i gresk mytologi. Ho tilhøyrde titanane og var dotter av dei opphavlege guddomane Gaia (Jorda) og Uranos (Himmelen). Ho blei rekna som den som hadde skapt språket og orda.[1] Som titan var ho òg gudinne for tida. Ho representerte minnet som var nødvendig for å ta vare på og attgje soger og historie som munnleg litteratur før alfabetet og skrivekunsten var innført.[2]

Med Zevs blei ho mor til dei ni musane, gudinner som verna kunstartane og inspirerte kunstnarar. Mnemosyne sov saman med Zevs i ni etterfølgjande nätter for å avla dei ni musene:

I Hesiod sin Theogonia fekk kongar og diktarar styrken sin i form av autoritativ tale som kjem frå å vera besette av Mnemosyne og ha eit spesielt tilhøyre til musene.

Minnebassenget

[endre | endre wikiteksten]

Mnemosyne hadde også makta over eit basseng i Hades,[3] ein motpart til elva Lethe, ifølgje fleire greske gravinskripsjonar frå 300-talet f.Kr. skrivne i daktylisk heksameter. Døde sjeler drakk frå Lethe for å gløyma dei tidligare liva sine før dei blei reinkarnerte. Innvigde blei oppmuntra til å drikke frå elva Mnemosyne når dei døydde framfor Lethe. Inskripsjonane kan ha vore forbunde med orfisk poesi.

Dei som ynskte å konsultera undergrunnsorakelet til Trofonios i Boiotia blei oppfordra til å drikka vekselvis frå to kjelder som blei kalla for «Lethe» og «Mnemosyne». Ho var såleis ei mindre orkelgudinne. Eit tilsvarande opplegg er skildra i «Myten om Er» på slutten av Platon sin dialog Staten frå kring 380 f.Kr.[4] Teksten gjer reie for kosmos og for livet etter døden, og har i stor grad prega ettertida.

Mnemosyne er tidvis blitt forveksla med gudinna Mneme eller samanlikna med Memoria.

  1. «Mnemosyne», Theoi Project
  2. «Mnemosyne», Theoi Project
  3. Janko, Richard (1984): «Forgetfulness in the Golden Tablets of Memory» i: Classical Quarterly 34, s. 89–100; se artikkel Totenpass for den rekonstruerte dyrkelse som instruerte de innvidde sjeler gjennom landskapet i Hades, inkludert hukommelsens basseng.
  4. Siste norske utgave av Staten er i bind 5 av Platons Samlede verker. Vidarforlaget, 2001. ISBN 82-90016-87-5

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Mnemosyne