Mo Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mo Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Mo i Rana. Laget vart stifta som Mo Idrætsforening 5. mai 1904, dagens namn er frå 1920. Sidan 1988 er idrettslaget ein reindyrka fotballklubb. Klubben spelar heimekampane på nye Sagbakken stadion, ei bane med kunstdekke innvigd i 2009. Det fyrste Sagbakken stadion vart teke i bruk i 1964. Laget opptrer i brune trøyer og kvite bukser og strømper.

Før Mo Idrettslag vart fotballklubb, var laget også aktivt med i bordtennis, friidrett, handball, orientering og turn. Fotballaget Mo var på sitt beste i 1970/-80-åra, med semifinalespel i 1980 mot den komande noregsmeisteren Vålerengen IF som høgdepunkt. Fotballgruppa i Mo IL kom ut eit økonomiske uføre på slutten av 1980-talet, noko som i 1988 førte til at dei andre gruppene trekte seg ut eller vart nedlagde.

I 2015 spelar Mo IL på nivå fire i norsk fotball.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]