Mo kyrkje i Surnadal
Hopp til navigering
Hopp til søk
Mo kyrkje | |
kyrkje | |
Foto: kirkenorge.no | |
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja |
---|---|
Bispedøme | Møre |
Prosti | Indre Nordmøre |
Sokn | Mo |
Fellesråd | Surnadal |
Type | Y-kyrkje |
Arkitekt | Erik Jakobsen Holten[1] |
Material | tre |
Innvigd | 1728[1] |
- Endringar | Påbygd i 1952[1] |
Kyrkjegard | Ved kyrkja |
Preikestol | Frå 1867[1] |
Døypefont | Frå 1952[1] |
Altartavle | Frå 1767, ukjend kunstnar |
Sitjeplassar | 205[2] |
Wikimedia Commons: Mo church, Surnadal | |
Mo kyrkje står i bygda Moen i Surnadalen i Surnadal kommune i Møre og Romsdal fylke, og er ei Y-forma trekyrkje frå 1728. Byggmeister for kyrkja var Erik Jakobsen Holten frå Bæverdalen.
Mo kyrkje er ei av fem bevarde Y-kyrkjer i Noreg.
Kyrkja avløyste ei stavkyrkje som truleg var frå kring 1500. Ein del inventar vart flytt over frå stavkyrkja, mellom anna ein preikestol i tidleg barokk og ei kyrkjeklokke. Preikestolen vart skift ut ved ei restaurering i 1867,[3] og hamna etterkvart på Kristiansund Museum der han gjekk tapt under bombinga i 1940.[2]
I 1994 vart det funne ei båtgrav ved kyrkja. Grava er frå 900-talet.[2]
Mo kyrkje er soknekyrkje i Mo kyrkjesokn i Indre Nordmøre prosti.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 * Rasmussen, Alf Henry, red. (1993). «Mo kirke, Mo i Surnadal». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 279. ISBN 82-75-27022-7.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Inge Solheim: «Mo kirke»
- ↑ Om Mo kyrkje på nettstaden kulturnett.no
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Hans Hyldbakk (1959). «Mo kjerke». Bygdesoge for Surnadal 2. Orkanger: Surnadal kommune. s. 136–139.
- Om Mo kyrkjelyd på nettstaden til Rindal og Surnadal kyrkjelege fellesråd
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Vis Mo kyrkje i Surnadal i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren