Mobilapplikasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Google Android på ulike smarttelefonar

Mobilapplikasjon (også kalla app, mobilapp eller miniprogram) er eit dataprogram som kan installerast på smarttelefon, nettbrett eller andre mobile einingar. Programma kan vanlegvis lastast ned frå ein nettstad som vert driven av utviklaren av mobiltelefonoperativsystemet, der dei største er Apple App Store, Google Play og Windows Phone Store. Mange appar er tilgjengelege for gratis nedlastning, medan andre kan kjøpast gjennom den aktuelle nettbutikken. Mange appar kjem i to versjonar, ein som ein må betala for og ein annan gratisversjon som kan ha mindre funksjonalitet eller reklame.

Mobilapplikasjonar som er utvikla som webapplikasjoner (i HTML5) vil kunna fungera på fleire ulike typar mobiltelefonopreativsystem utan tilpassing. Appar som er programmert og kompilert for eit bestemt mobiloperativsystem (såkalla native app) vil berre kunna installerast på eige operativsystem, med mindre dei er utvikla i programmeringsverktøy som har støtte for å kompilera versjonar for fleire mobilsystem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]