Mobildekning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mobildekning vert fastslege gjennom ein kombinasjon av topografiske kartstudium og signalmåling i felten. Her ein av Telenors dekningsbiler på Atlanterhavsvegen.
GSM-antenne. I 900 MHz-bandet har slike basestasjonar i mobilnettet berre ca. 1,5 - 3 km radius dekning i Noreg, noko større i land med flatt terreng. UMTS-anlegga i 2100 MHz-bandet har endå kortare rekkjevidd, og dekningsutbygginga vert difor svært kostbar.

Mobildekning tyder den geografiske sendar-rekkjevidde eit mobiltelefoninett har internt i eit land eller område, og vert gjerne mælt som dekning i prosent av arealet (arealdekning) eller dekning til prosent av folkesetnadsdekninga.

Det skilst mellom ulike kvalitetar av dekning, normalt utendørsdekning og innendørsdekning. For enkelte teknologiar og bruksområde er det òg interessant å mæla dekning i bil, f.eks for mobilsystem for utrykningskjøretøyer. Dekninga er teoretisk berekna, lokale tilhøve som vegetasjon, bygningar, topografi og andre hinder spelar inn og kan endra seg etter siste måletidspunkt.

Globalt har meir enn 90% av folkesetnaden i verda mobildekning. I Noreg mæler operatørane sjølv sin dekning, og publiserer dekningskart. Telenor har elektronisk dekningskart på sina heimesider, og oppgjev (mars 2008) 99,86% folkesetnadsdekning og 86,33% arealdekning, Konkurrenten NetCom oppgjev "over 98%" folkesetnadsdekning i sin årsoppgave for 2006. Den mobile bredbåndstilbyderen Ice oppgjev 75% arealdekning, medan folkesetnadsdekninga deres er lågare fordi frekvensen er låg og radiobølgjene har problem med å nå gjennom bygningar i byar og tettstader.[1]

Dekninga er eit resultat av frekvensområdet til mobilteknologien. Ice-nettet i 450 MHz har rekkjevidd opptil 300 km per basestasjon og lange bølgjer som når ned i dalbunnene, men derimot låg datakapasitet og låg gjennomtrenging i bygningar. Sending i dagens GSM-band (900 MHz) gjev normalt 3-7 km radius rekkjevidd per basestasjon til lands og 97-120 km til hav sitt. Sending i høgare frekvensområde (1800, 2100 eller 2600 MHz) gjev 1-3 km rekkjevidd til lands. Dette gjev betre dekningsøkonomi i lågare frekvensband.

Internasjonalt innrapporterer mobiloperatørane dekningsgrad til organisasjonen GSMA (GSM Association), som publiserer både talstatistikk og europeiske og globale dekningskart kvart år.

Mobildekning 2008[endre | endre wikiteksten]

Liste over land med ulik geografisk arealdekning finst under artiklane om hnhv 2G og 3G. Kartet nedanfor viser den geografiske utbreiinga av dekning for mobiltelefoni, uavhengig av kva for ein teknologistandard som vert nytta.

GSM World Coverage Map 2008. Karta viser dekning av 2G (grøn) og 3G (gul) nettverk. Grensa for bruk av satellittelefon er markert med fiolett strek.

Kjelde: GSMA Wireless Intelligence World Coverage 2008.

Best dekning i verda har Japan, Storbritannia, Tyskland, Sverige, Italia, Sveits, Austerrike, Malaysia, og Taiwan. Japan, Malaysia og Taiwan har tilnærma full 3G-dekning. I Sverige, der dei tre mobiloperatørane har særs sterke dekningskrav, er den nesten full 3G-dekning i den sørlege halvdelen av landet. Det same gjeld Storbritannia, der 3G-lisensane vart auksjonert bort til svært høge prisar og utbyggerne har bygd nesten full geografisk dekning sør for Skottland.

USA har ganske mangelfull dekning, og nesten ikkje nokon 3G-dekning. Ulike 2G-teknologiar har veikt stordriftsfordelene og dermed hemma utbygginga, og det er enno ei rekkje, ikkje-kompatible mobilsystem i bruk. Kva gjeld dekning, nytte og tenester, er det særs stor kvalitetsskilnad mellom Vest-Europa og Japan på den eine sidan og USA på den andre sida.

Lågast dekning har Afrika, Aust-Russland og Sibir, delar av Latin-Amerika, Australia og Canada. God dekningsøkonomi tyder alltid at dei meste folkesette områda vert først bygt ut, samstundes som brukarar i bystrøk brukar vegar og jarnbane og krev dekning på slike stadar. Dette set operatørane under stort utbyggingspress, men det er svært uvanleg å påleggja dem dekningsplikt for mobil. I nokre land har styresmaktene innført obligatoriske utbyggingsfond som vert finansiert av mobilbrukarane, og dette tiltaket har gjeve ekstremt god dekning i f.eks Tyrkia.

Mobildekning 2016[endre | endre wikiteksten]

I 2009 vart nett med Long Term Evolution, LTE, sett opp i Oslo og Stockholm. Frå desember 2010 vart WiMax og LTE sett på som 4G teknologiar sjølv om dei var langt unna dataratar på 1 Gbit/s.[2] I Noreg hadde 95% av folkesetnaden 4G-dekning hausten 2015, medan 49% av arealet hadde 4G-dekning.[3] Telenor anslår at 98% av alle husstandar vil ha 4G-dekning innan utgangen av 2016. LTE-Advanced vert lansert av fleire selskap som 4G+, og har dataratar opp til 300Mbit/s, men dekningsgraden er pr april 2016 mykje lågare enn for LTE.

140 land hadde LTE-dekning hausten 2015, og 11 land hadde planar om å innføra 4G. OpenSignal.com skriv at Sør-Korea hadde best dekning, følgt av Japan, medan New Zealand hadde best fart på sit LTE-nett.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftanposten 8.mars 2008
  2. ITU World Radiocommunication Seminar highlights future communication technologies, arkivert frå originalen 20. juni 2012, henta 13. juli 2018 
  3. 4G-dekning for 95 prosent av, arkivert frå originalen 3. april 2016, henta 13. juli 2018 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]